Cinnamon Girl

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Cinnamon Girl» er ein song av Neil Young. Han vart gjeven ut i 1969 på albumet Everybody Knows This is Nowhere, som òg var det første albumet med backingbandet Crazy Horse. Singelen nådde 55. plass på den amerikanske singellista i 1970.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Denne songen syner meir enn noko anna den viktige rolla Danny Whitten spelte i stilen til dei tidlege innspelingane til Neil Young. Han var rytmegitarist i Crazy Horse som syng høg harmonivokal, medan Young syng den låge harmonivokalen.

I wanna live with a cinnamon girl
I could be happy the rest of my life
With a cinnamon girl.

Neil Young (1969)

Songen er skriven i dobbeldroppa D-stemming (DADGBD). Denne stemminga er nytta i fleire av dei mest kjende songane «Cortez the Killer», «Fuckin' Up», «The Loner», «Ohio», «Inca Queen», «The Old Laughing Lady», «Ride My Llama», «When You Dance I Can Really Love».

Remove ads

Andre utgåver

Songen er spelt av mange andre artistar:

  • Killdozer på albumet Snake Boy
  • The Gentrys i 1970
  • Type O Negative, på albumet October Rust i 1996
  • John Entwistle, på solodebuten Smash Your Head Against the Wall
  • The Sisters Euclid, på hyllestalbumet Run Neil Run
  • Boyd Tinsley, på True Reflections
  • Matthew Sweet og Susanna Hoffs, på albumet Under the Covers, Vol. 1 i 2006
  • Bernard Fowler på albumet Friends With Privileges
  • Hawksley Workman på DVDen Live in Lille
  • Radiohead på turneen deira Amnesiac i 2001
  • Dream Syndicate
  • Replicants i 1996
  • Bob Mould i 1989 på Workbook-turneen
  • Motörhead på samlinga All The Aces
  • Tim Christensen i 2009
  • Hole nytta hovudriffet på «Starbelly» på albumet Pretty On The Inside
  • Mudhoney nytta gitarriffet som intro på «Broken Hands» på Every Good Boy Deserves Fudge
  • Los Loboar i 2007
  • Paul Kelly, spelte han live i RockWhiz.
  • The Smashing Pumpkins tidleg i karrieren
  • Philip Sayce på albumet Peace Machine.
  • Kevin Hewick i 1990-åra
  • ApologetiX i 2010 på Soundproof.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads