Radiohead
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Radiohead er ei britisk musikkgruppe som vart danna rundt 1989. Gruppa har vore viktig i britisk rock sidan slutten av 1990-talet. Medlemane i gruppa heiter Thom Yorke, Ed O'Brien, Jonny Greenwood, Colin Greenwood og Phil Selway. Gruppa kalla seg opphavleg «On a Friday», men tok namnet «Radiohead» etter ein song av Talking Heads.
Remove ads
Historie

Foto: Matthew Hickey
Gruppa vart verdskjend med debutsingelen «Creep» frå Pablo Honey (1993). Ho opplevde stor popularitet i Storbritannia med andrealbumet The Bends (1995), og i heile verda med den lovprisa OK Computer (1997). In Rainbows (2007) vart gjeve ut digitalt av bandet sjølv. Lyttarar kunne lasta ned songane og betala valfri pris for dei.
Musikken til Radiohead er prega av tydeleg gitarspel, Yorke sin særeigne songstemme med bruk av falsett, og eksperimentering med ulike stilar. Radiohead byrja som rockeband, men er blitt knytt til den rolege musikkstilen triphop. Frå Kid A har gruppa teke til seg påverknader frå elektronisk musikk, krautrock, post-punk og jazz. Tekstane deira tek mellom anna opp moderne framandgjering, særleg på OK Computer.
Remove ads
Utgjevingar
Album
EP-ar
- Itch (1993)
- My Iron Lung (1994)
- No Surprises/Running From Demons (1997)
- Airbag/How Am I Driving? (1998)
- I Might Be Wrong: Live Recordings (2001)
- COM LAG (2plus2isfive) (2004)
Singlar
- Creep (1993)
- Anyone Can Play Guitar (1993)
- Stop Whispering (1994)
- Fake Plastic Trees (1995)
- Just (1995)
- Street Spirit (Fade Out) (1995)
- High And Dry (1996)
- Paranoid Android (1997)
- Karma Police (1998)
- No Surprises (1998)
- How to Disappear Completely (2000) (berre promo)
- Idioteque (2000) (berre promo)
- The National Anthem (2000) (berre promo)
- Optimistic (2000) (berre promo)
- Pyramid Song (2001)
- Knives Out (2001)
- I Might Be Wrong (2001) (berre promo)
- There There (2003)
- Go To Sleep (2003)
- 2 + 2 = 5 (2003)
- Jigsaw Falling Into Place (2008)
- Nude (2008)
Filmar
- Live at the Astoria (1994) VHS
- Seven Television Commercials (1997) VHS/DVD
- Meeting People Is Easy (1999) VHS/DVD
- 7 Television Commercials (2003) DVD
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads