Sitronkake
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sitronkake er ei kake smaksett med sitron. Ein kan bruka både sitronjus og sitronskal, i sjølve kaka, i fyllet og til glasur.[1][2][3]


Vanlege sitronkaker er formkake med glasur, som gjerne er kvit og ligg i eit lag oppå kaka. Den eldste kjende norske oppskrifta på slik sitronkake er frå 1835.[4] Ein variant av kaka er engelsk lemon drizzle cake, der glasuren er litt rennande[5] og blir helt over kaka medan ho er varm.[6] Det finst også variantar utan glasur.[7]
Sitronkaker er vanlege på kafear. Fleire av dei blir også selde ferdiglaga i butikkar. Eit dansk døme på dette er citronmåne, som blir laga av Dan Cake.[8]
Remove ads
Ulike sitronkaker
- Ein kjent japansk sitronkakevariant har form som ein sitron.[9] Denne finst som ein spesialitet ein kan kjøpa i pakkar.[10][11]
- Lemon bar eller lemon square, kake av shortbread fylt med sitronkrem.
- Lemon chiffon cake er ei svært lett kake som kan innehalda saft og skal av sitron.[12]
- Lemon ice box pie er ein dessert laga av sitronjus, egg og kondensert mjølk i paideig,[13][14] ofte laga av grahamkjeks og smør.[15]
- Sitronterte er ei terte fylt med sitronkrem og eventuelt marengs. Ein variant med marengs er lemon meringue pie.
- Limonnik er ei ukrainsk sitronkake laga utan egg.
- Madeira cake er ei britisk sitronkake utan glasur, men som kan pyntast med sitronskal[16]
- Shaker Lemon Pie – sitronpai utvikla av den religiøse gruppa kjend som shakers.
- Sussex Pond Pudding – traditsjonell engelsk pudding laga med ein heil sitron inni ister-paideig.
Remove ads
Galleri
- Citronhalvmåne
- Japansk sitronkake med form som ein sitron
- Lemon bar
- Lemon ice box pie
- Lemon chiffon cake
- Ostekake med sitron
- Sitronterte
- Sussex Pond Pudding
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads