Civilization Phaze III

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Civilization Phaze III er det 63. albumet til Frank Zappa, gjeve ut posthumt som eit dobbeltalbum den 31. oktober 1994.

Meir informasjon Frank Zappa-kronologi ...

Albumet markerer den tredje delen av ein konseptuell kontinuitet som starta med We're Only in It for the Money (1968), medan den andre delen er den redigerte versjonen av albumet Lumpy Gravy frå 1967. Soga på Civilization Phaze III involverer ei gruppe folk som lever inne i eit piano og den truande røyndomen i verda utafor. Temanet på albumet er personleg isolering og nasjonalisme.

Mykje av den improviserte dialogen var opphavleg spelt inn som ein del av innspelinga for We're Only in It for the Money og Uncle Meat, som består av noko dialog av dei same personane og noko av dialogen på dette albumet finst òg på den redigerte versjonen av Lumpy Gravy som kom i 1968. Ny dialog vart spelt inn av Zappa i 1991 og består av ein liknande improvisert dialog av medlemmmar i Ensemble Modern, dottera til Zappa, Moon Unit og skodespelaren Michael Rapaport.

Civilization Phaze III har blitt hylla som eit av dei beste verka til Zappa, særleg for den utfordrande og komplekse musikken framført på Synclavier.

Remove ads

Utgjeving

Frank Zappa døydde etter at albumet var ferdig.[1] Det vart gjeve ut posthumt på Barking Pumpkin Records den 31. oktober 1994, først som eit postordrealbum, utan marknadsføring.[2][3] Rykodisc fekk høvet til å distribuere albumet nasjonalt,[2] men valde å ikkje gjere dette.

Albumet vart heller ikkje gjeve ut saman med dei andre platene til Zappa under nyutgjevinga av katalogen hans i 2012.

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet vart godt motteke som eit av dei beste verka til Zappa. Allmusic sin François Couture skreiv, «Det høyrer til den 'seriøse musikken' hans [...] Det originale omslaget og innpakninga er makelaust og luksuriøst, noko som passar musikken, som er noko av det beste Zappa skreiv utafor rocke-verda».[4] Somme kritikarar meinte likevel at «piano people»-soga var for tynt for eit dobbeltalbum.[6]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Frank Zappa

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Frank Zappa – produsent, dirigent
  • Ensemble Modern – orkester
Stemmer frå 1967
Stemmer frå 1991
  • Moon Unit Zappa
  • Michael Rapaport
  • Ali N. Askin
  • Catherine Milliken
  • Walt Fowler
  • Todd Yvega
  • Michael Svoboda
  • Michael Gross
  • William Formann
  • Uwe Dierksen
  • Stefan Dohr
  • Daryl Smith
  • Franck Ollu
  • Hermann Kretzschmar
  • Dweezil Zappa
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads