Claes Neeb

norsk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Claes Neeb (195016. juni 2013) var ein norsk gitarist, komponist og plateprodusent.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Karriere

Neeb var ein særs anerkjend fingerspelgitarist og var også annrkjend av Chet Atkins. Chet sa: «Claes is a good friend and among the very best guitar players of this styla in the world today. He is definetely a certified guitar player.»[2] Han vart invitert til Atkins hus i Nashville der Neeb lærte frå seg arrangementet sitt av Fanitullen. Denne spelte Atkins inn og gav ut som «Norwegian Mountain Song» på albumet sitt Read My Licks frå 1994.[3]

Han gav ut fleire album og produserte også musikk for andre. I 2013 gav han ut ut albumet Active Hands. Her speler han saman med Tommy Emmanuel, Richard Smith, Pat Bergeson, Muriel Anderson, John Knowles, Muriel Anderson, Emil Ernebro og fleire.[4]

Neeb var frå Halden og var viktig for musikkmiljøet der. Han var også ein mentor og inspirasjonskjelde for unge folk i området. Han var også produsent og komponist. Han har b.a. produsert for Scotty Moore, Anita Hegerland, Henning Kvitnes og Rodney C. Riley.[5][6]

I Noreg var Claes den største eksponenten for «finger-picking»-gitarspel.[3] Ein annan stor musikar innan denne stilen i Noreg er Øystein Sunde.[3]

Remove ads

Diskografi

Album

  • Gospels the Guitar Country Way (Gospel Center 1978)
  • Ain’t No Train Here Bound For Nashville (New Noise 1980)
  • Fingerstyle Guitar Picker (Mariann 1981)
  • There’s More to Music Than Rock ’n’ Roll (Clan Recorders 1984)
  • For You Once More (Belle Meade Records, Nashville 1994)
  • Christmas Greetings /with Fay Sanansang (Rock Records 1998)
  • Active Hands - Claes Neeb & Friends (MHO 2013)

Singlar

  • Sangen Om Fantasiland / Sangen Om Østfold - Bruno Skogmann, Claes Neeb (Clan Records 1984)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads