Clamecy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Clamecymap
Remove ads

Clamecy er ein landsby og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Nièvre i regionen Bourgogne-Franche-Comté. Byen har om lag 5 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

Clamecy er hovudstad i eit arrondissement, og ligg der elva Yonne og Beuvron renn i hop, i tillegg til kanalen Canal du Nivernais. Byen ligg om lag 70 km nordaust for Nevers langs jernbanelinja mellom Paris og Lyon.

Remove ads

Historie

Tidleg i mellomalderen høyrte Clamecy til abbeden av St. Julian ved Auxerre. På 1000-talet gjekk han vidare til grevane av Nevers og Auxerre. Ein av desse, Herve IV av Donzy, gav innbyggjarane byrettar i 1213. Etter at Jerusalem vart teke av Saladin i 1188, vart Clamecy sete for biskopane av Betlehem. Dei heldt til i Panthenor, som grev Vilhelm IV av Nevers hadde testamentert til dei, fram til den franske revolusjonen. Under statskuppet i 1851 braut det ut opprør i byen, som vart kraftig slått ned på av dei nye styresmaktene.

Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads