Clariden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Clariden
Remove ads

Clariden (og Claridenstock) er eit 3 267 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjellet ligg ovanfor Klausenpasset i fjellrekka Gross Schärhorn, Clariden, Bocktschingel, Gemsfairenstock (frå vest mot aust). Denne fjellrekka strekker seg vidare til Tödi i nordvest. I nordleg retning har ein Urnerboden og Klausenpassstrasse. Kantongrensa mellom Glarus og Uri går langs fjellet.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Fjellet vart klive fyrste gongen den 13. august 1863 av Rambert, Streiff og Stüssi.

Clariden kan nåast frå Claridenhütte over Claridenfirn. Ein lengre, ofte brukt turveg går frå Klausenpass over Iswändli til fortoppen av Clariden. Derifrå går turen over ei kvass egg, som er sikra med faste tau, til hovudtoppen.

Clariden er om vinteren eit ynda mål for skigåarar. Særleg på vårparten etter Klausenpass er opna for biltrafikk, er fjellet eit hyppig nytta mål dagsturar på ski.

Frå fjelltoppen har ein storfelt utsyn mot Tödi.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads