Claude Makélélé

fransk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Claude Makélélé
Remove ads

Claude Makélélé Sinda (fødd 18. februar 1973) er ein fransk tidlegare fotballspelar fødd i Kinshasa, oppvaksen i Paris. Han vann Meisterligaen med Real Madrid og vart seriemeister i både heimlandet, Spania og England. Makélélé deltok i 71 landskampar for Frankrike og fekk VM-sølv i 2006. Han var defensiv midtbanespelar; markeringsflink, taklingssterk og med stor løpsstyrke.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Karriere

Klubbspel

Makélélé var aktiv i FC Nantes frå 1992 til -97, ein klubb han vart seriemeister med i 1995. Etter ein sesong i Olympique Marseille og to sesongar i Celta Vigo vart han sommaren 2000 overført til Real Madrid. Med den spanske storklubben vart han ligameister i 2001 og 2003, og vinnar av Meisterligaen 2002. Mot 16,8 millionar pund vart han Chelsea-spelar sommaren 2003. Frå 2004 hadde han ei sentral rolle i London-laget, eit lag som vart ligameister 2005, 2006 og som triumferte i FA-cupen 2007, samt sigra to gongar i ligacupen. Våren 2008 deltok han i meisterligafinalen mot Manchester United som med tap etter straffesparkskyting. Deretter var han i tre år fram til 2011 i teneste for Paris Saint-Germain, med siger i den nasjonale cupen som høgdepunkt.

Landslagsspel

Makélélé var landslagsspelar i 13 år. Han debuterte 22. juli 1995 borte mot NoregUllevål stadion i Oslo i eit mållaust oppgjer. I sin tredje landskamp var han innbytar for Zinédine Zidane då Frankrike og Noreg spelte 3-3 i Marseille 25. februar 1998. Fyrst hausten 2000 fekk han sin fjerde landskamp. Han spelte ein kamp under Fotball-VM 2002 og tre kampar i Fotball-EM 2004. Under verdsmeisterskapen 2006 i Tyskland spelte han heile kampen då Frankrike tapte finalen mot Italia. Sine tre siste landskampar spelte Makélélé i EM i fotball 2008. Han skåra aldri på landslaget.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads