Cliff Davies
amerikansk musikkprodusent From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Clifford «Cliff» Davies (1948–13. april 2008) var ein britisk trommeslagar, låtskrivar og produsent.
Remove ads
Karriere
Davies starta karrieren sin i Roy Young Band tidleg i 1970-åra, før han vart med i den andre inkarnasjonen av det britiske jazzrockbandet If frå 1972 til 1975. Han spelte på fire album av bandet. Etter If vart oppløyst byrja Davies å spele med den amerikanske hardrockgitaristen Ted Nugent frå 1975 til 1982 som trommeslagar, produsent og/eller medprodusent på alle Nugent-innspelingane i den perioden. Som produsent samarbeidde han stundom med Lew Futterman, som òg hadde produsert If.
I 1980-åra arbeidde han for Next City Productions, òg eigd av Futterman, i New York City og spelte inn plater med mellom andre Grand Funk Railroad. Sidan seint i 1990-åra heldt han til i Atlanta og arbeidd som piano- og trommelærar. Davies vart funnen død i heimen sin 13. april 2008 etter å ha skote seg sjølv.[1]
Remove ads
Diskografi
Med If
- Waterfall (1972)
- Double Diamond (1973)
- Not Just Another Bunch of Pretty Faces (1974)
- Tea Break Over, Back on Your 'Eads (1975)
Med Ted Nugent
- Ted Nugent
- Free-for-All
- Cat Scratch Fever
- Double Live Gonzo
- Weekend Warriors
- State of Shock
- Scream Dream
- Intensities in 10 Cities
Andre
- Whitehorn (1974) - Geoff Whitehorn
- In the Red (1983) - Fist
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads