Borkkryparar

familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Borkkryparar
Remove ads

Borkkryparar, eller australtrekryparar, er sju fugleartar i den biologiske familien Climacteridae. Dei er middels små, for det meste brune fuglar med mønster på undersida. Papuaborkkrypar lever på Ny-Guinea, alle andre er endemiske for Australia. Dei liknar, men er ikkje nærskylde til holarktiske trekryparar.

Thumb
Brunborkkrypar, Climacteris picumnus
Foto: Wikimedia-brukar fir0002
Thumb
Kvitstrupeborkkrypar, Cormobates leucophaea
Foto: Flickr-brukar Patrick_K59
Kjappe fakta

Som namnet ymtar om, beitar trekryparar insekt og andre smådyr som lever på og under borken på tre, for det meste eukalyptus. Tre av artane kan dessutan søkje føde på bakken, gjennom nedfallsblad, og på nedfalle tømmer. I motsetnad til trekryparar brukar dei berre føtene, og ikkje halen for støtte ved klatring på trestammar.

Borkkryparar hekkar i hòl i tre. Artane i familien dannar hekketerritorium, dei vernar om territoriet i varierande grad. Einskilde artar, som raudbrynborkkrypar og brunborkkrypar hekkar kooperativt, andre, som kvitstrupeborkkrypar gjer det ikkje. Dei kooperative hekkarane kan anten hekke aleine som par, danne grupper av fleire par eller eit enkelt hekkande par kan samarbeide med opp til tre hjelparar, vanlegvis er dette ungar frå førre kull. Hjelparar medverkar til bygging av reiret, fôring av rugande hofuglar og omsut for ungar.

Familien er ein av fleire familiar som er identifisert etter studiar med DNA-DNA hybridisering. Det er noko molekylær støtte for å meine at dei næraste slektningane deira er dei store lyrehalar.

Remove ads

Artslista

Borkkryparar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Cormobates

  • Papuaborkkrypar, Cormobates placens, Papuan Treecreeper, LC, Sclater, 1874
  • Kvitstrupeborkkrypar, Cormobates leucophaea, White-throated Treecreeper, LC, Latham, 1801

Slekt Climacteris

  • Kvitbrynborkkrypar, Climacteris affinis, White-browed Treecreeper, LC, Blyth, 1864
  • Raudbrynborkkrypar, Climacteris erythrops, Red-browed Treecreeper, LC, Gould, 1841
  • Brunborkkrypar, Climacteris picumnus, Brown Treecreeper, LC, Temminck & Laugier, 1824
  • Sotborkkrypar, Climacteris melanurus, Black-tailed Treecreeper, LC, Gould, 1843
  • Kanelborkkrypar, Climacteris rufus, Rufous Treecreeper, LC, Gould, 1841

Andre liknande fuglar

Ikkje-nærskylde fuglar som liknar borkkryparar i utsjånad og eller levevis er:

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads