Clinton Davisson
amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Clinton Joseph Davisson (fødd 22. oktober 1881 i Bloomington i Illinois, død 1. februar 1958 i Charlottesville i Virginia) var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1937 saman med George Paget Thomson «for den eksperimentelle oppdaginga deira av elektronavbøying i krystall».[1]
Han vart utdanna i Chicago og Princeton, og var frå 1911 til 1917 tilsett ved Carnegie Institute of Technology, fram til 1925 i Western Electric Co. og så fram til 1946 i Bell Telephone Laboratory. Han var professor i fysikk ved University of Virginia i 1947–1949.
Davisson fann i 1921 at refleksjonsevnen for elektron frå ein krystall var sterkt avhengig av refleksjonsvinkelen, ein effekt han då ikkje kunne forklare. Etter at Louis de Broglie i 1924 hadde sett fram teorien sin om bølgjenaturen til elektronet og W. M. Elsässer hadde påpeikt at teorien kunne etterprøvast ved å studere interferensfenomen etter refleksjon av elektronstråler frå krystallgitter, fortsette Davisson saman med L. H. Germer sine tidlegare undersøkingar.
Remove ads
Prisar (fysikk)
- 1937 – Nobelprisen i fysikk
- 1935 – Hughesmedaljen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads