Clitheroe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Clitheroe er ein by i Lancashire i England. Han ligg i den sørlege utkanten av Forest of Bowland, og fungerer som base for mange turistar som kjem til området. Byen er administrasjonssenter for distriktet Ribble Valley. Byen ligg svært nær det geografiske senteret i Storbritannia i landsbyen Dunsop Bridge.
Clitheroe Castle er eit av dei minste normanniske festningshusa i landet. Det står på ei kalksteinsklippe over byen, og er eit av dei eldste bygga i grevskapet. Det er òg den einaste bevarte festninga i Lancashire som hadde ein rojalistisk garnison under den engelske borgarkrigen. Holet i sida vart laga i 1649 slik at det ikkje skulle vere mogeleg å bu der, dermed trong ikkje staten å ha ein garnison der, og eventuelle opprørarar kunne ikkje ta kontroll over det.
Det er stor industriaktivitet i byen, der selskap som Ultraframe, Castle Cement, Tarmac og Johnson Mattey har fabrikker.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

