Clitunno

From Wikipedia, the free encyclopedia

Clitunno
Remove ads

Clitunno, i antikken kalla Clitumnus, er ei elv i Umbria i Italia. Namnet har ukjent opphav, men det vart òg nytta om ein elvegud. Clitunno har sitt utspring frå ei kjelde like ved den gamle vegen Via Flaminia nær byen Campello sul Clitunno mellom Spoleto og Trevi. Kjelda vart rekna som ein svært vakker stad av romarane.

Kjappe fakta Land, Lengd ...

Clitunno renn 60 km over den austlege umbriske sletta, forbi Tempietto del Clitunno og byane Pissignano, Cannaiola, Trevi og Bevagna før ho munnar ut i Topino, ei sideelv til Tiber, nær Cannara. Elva renn sakte, men stundom kan det oppstå brå flaumar, som med mange av dei andre elvane i Umbria. På 1800-talet vart det bygd dike langs elva for å hindre flaum.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads