Close to the Edge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Close to the Edge er det femte albumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i september 1972. Albumet består av tre lange komposisjonar, der dei to første er inndelt i fleire satsar med eigne titlar. Albumet er nærast ein definisjon av omgrepet progrock.
Remove ads
Albumet kom på tredjeplass på Billboard 200 i USA, og på fjerdeplass plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[9]
Remove ads
Bakgrunn
Bandet nyttar her den episke komposisjonsstilen til den ytste grensa si (bokstaveleg talt «close to the edge»), og Yes presenterer her det som blir rekna som dei største kreative høgdepunkta deira. Tekstene er i følgje Jon Anderson inspirert av Herman Hesse-boka Siddhartha, og er sterkt prega av mystikk og andelegheit. «And You And I» og «Siberian Khatru» har sidan utgjevinga vorte spelt på nærast alle av konsertane sine.[10]
Straks etter at albumet var ferdig innspelt sommaren 1972, avgjorde Bill Bruford å forlate bandet. Alan White vart raskt vald som erstattaren til Bruford. White spelar ikkje på albumet, men måtte lære seg det i løpet av tre dagar – før den neste turneen til bandet starta. Bruford tilbaud seg å bli med på dei første konsertane for å «lære opp» Alan White, men White og resten av bandet takka høfleg nei, og det var berre White som spelte trommer på den påfølgjande turneen.
Remove ads
Mottaking
I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock, hamna albumet på tredjeplassen på lista «40 Cosmic Rock Albums».[11] Albumet er òg omtalt i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Progarchives.com kåra albumet til det beste progrockalbumet gjennom tidene i 2006. Guitar World rangerte albumet på 67. plass på lista deira over dei 100 beste gitar albuma gjennom tidene.
Remove ads
Sporliste
Remove ads
Medverkande
- Jon Anderson – vokal
- Chris Squire – bass, vokal
- Steve Howe – gitarar, vokal
- Rick Wakeman – piano, Mellotron, Hammondorgel, kirkeorgel, cembalo og Moog synthesizer
- Bill Bruford – trommer, perkusjon
Produksjon
- Yes – produsent
- Eddy Offord – lydteknikar, produsent
- Mike Dunne – lydband
- Roger Dean – plateomslag, fotografi
- Martin Adelman – fotografi
- Brian Lane – koordinator
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads