Codex Runicus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Codex Runicus
Remove ads
Remove ads

Codex Runicus er ein versjon av Skåneloven skriven med runer omkring år 1300. Handskriftet er på i alt 101 sider. Det er i dag i København.

Thumb
Ei side frå Codex Runicus.
Thumb
Prøvesiden skrive med latinske bokstavar for samanlikning med runeteksten.

Skåneloven galdt i Skåne, Halland, Blekinge og på Bornholm. Det er snakk om ei såkalla rettsbok, altså ei privat samling av den gjeldande sedvanerett innanfor område som til dømes arv, ekteskap, oppmåling av jordområde, hærverk, drap og sedelegheitsbrotsverk.

På siste sida av verket står teksten og koralnotene til songen «Drømde mik en drøm i nat», den eldste nedskrivne folkevisa i Norden.

Codex Runicus er eit sjeldant handskrift. Ein kjenner berre til eitt anna nordisk runehandskrift frå mellomalderen, og det er eit lite fragment på seks blad som er datert til rundt år 1325. Dei to handskrifta er så like på kvarandre at dei godt kan vera framstilte same stad, nemleg i Herrisvad Kloster i Skåne.


Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads