Codri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Codri (russisk Кодры, Kodry) er eit skogområde som finst i ein åslendt del av sentrale Moldova.
I mellomalderen var mesteparten av åsane i fyrstedømet Moldavia skogkledde. Skogområda vart generelt kalla Codri, der større skogområde fekk namn som Codrii Cosminului (Cosmin Codri), Codrii Plonini (Plonini Codri), Codrii Hotinului, Codrii Orheiului (Orhei Codri), Codrii Lăpușnei (Lăpușna Codri).
Sjølv om åsane dekkjer om lag 80-90 % av området i Moldova har skogområda minka etter 1800 på grunn av intensiv jordbruk til om lag 12 %. Enkelte av dei gjenverande skogområda er no verna i nasjonalparkar, men mangelen på skog i landet gjer no at jordbruksområda får langt mindre vatn enn dei fekk i tidlegare hundreår sidan skogen heldt på meir vatn enn berr mark.
Det høgaste punktet i Moldova, Dealul Bălănești på 429 meter over havet ligg i Corneștiåsane, mellom elvane Prut og Răut.
Remove ads
Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «Codri» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads