Codrington
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Codrington er ein by på øya Barbuda, som er ein del av øystaten Antigua og Barbuda. Byen hadde 700 innbyggjarar i 1904 og 1252 innbyggjarar i 1991.
Byen blei grunnlagd av Christopher Codrington og broren hans John i 1685.[1] Dei bygde ein festning i byen, men i 1843 blei han øydelagd av eit jordskjelv. Noko av bygningen er framleis intakt. Codrington var den største og viktigaste busetnaden på Barbuda frå slutten av 1600-talet til våre dagar.
I 1741 fann det stad eit slaveopprør i byen. Opprøret braut ut etter Thomas Beach si dårlege behandling av slavane sine. Slavane rømde frå arbeidet sitt og gjorde skade på eigedommen til Codrington-familien.
I september 2017 blei byen totalt evakuert etter ar øya blei råka av orkanen Irma og rundt 95 % av bygningane der blei øydelagde.[2] Innbyggjarar byrja venda tilbake i otober for å gjenreisa byen.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads