Congratulations

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Congratulations» er ein song skriven av Bill Martin og Phil Coulter som Storbritannia sitt bidrag til Eurovision Song Contest 1968. Songen vart framført av Cliff Richard.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Kjappe fakta Eurovision Song Contest 1968, Resultat ...
Remove ads

Phil Coulter skreiv opphavleg songen «I Think I Love You», men var usikker på teksten, og fekk med seg Bill Martin (dei skreiv òg «Puppet on a String» i lag), som endra han til «Congratulations».[1] Songen vart raskt populær i Storbritannia og gjekk til topps på singellista. Songen var storfavoritt til å finne heile konkurransen, så stor faktisk at den britiske pressa spurte spørsmålet: «Kven vil kome på andreplass etter 'Congratulations'?»

Under avstemminga var «Congratulations» i leiinga fram til Tyskland gav Spania seks poeng i neste siste stemme, og dei gjekk forbi Storbritannia.[2]Han hamna bak Spania og «La La La» med berre eitt poeng, men vart ein stor hit i heile Europa.

Songen er framleis populær i dag. George Harrison-songen «It's Johnny's Birthday» frå All Things Must Pass er basert på denne songen.

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads