Continued
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Continued [2] er det andre albumet til Tony Joe White. Det vart gjeve ut på Monument Records og inneheld singelen «Roosevelt and Ira Lee». Albumet vart spelt inn i Monument Studios i Nashville og Lyn-Lou Studios i Memphis i Tennessee i 1969. Det vart produsert av Billy Swan med lydteknikarane Tommy Strong og Mort Thomasson.
I 1997 vart albumet gjeve ut på ny av Warner Brothers med to bonusspor - «Watching The Trains Go By» og singelutgåva av «Old Man Willis». «Old Man Willis» vart spelt inn på ny for albumet.
Albumet inneheld songen «Rainy Night In Georgia» som vart gjort populær av R&B-songaren Brook Benton i 1970. Denne versjonen nådde fjerdeplassen på poplista og andreplassen på Adult Contemporary-lista i USA og selde til gullplate for ein million selde eksemplar. I 2004 vart denne versjonen rangert på 498. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Songen er sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, som Ray Charles, Otis Rush, Randy Crawford, Tennessee Ernie Ford, Amos Garrett, Hank Williams, Jr., Shelby Lynne, John Holt, Nicky Thomas, i ein duett mellom Conway Twitty og Sam Moore, Aaron Neville, og reggaebandet The Gladiators.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Tony Joe White
Remove ads
Medverkande
- Tommy McClure – bass
- Sammy Creason – trommer
- James Milhart – trommer
- Mike Utley – organ
- Tony Joe White – gitar, munnspel
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads