Cordiner Peaks

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cordiner Peaks
Remove ads

Cordiner Peaks er ei gruppe fjelltoppar som strekkjer seg over eit område på 6 nautiske mil, og ligg 8 nautiske mil sørvest for Dufek Massif nord i Pensacolafjella. Dei vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein transkontinental flytur av mannskapet på U.S. Navy Operasjon Deep Freeze I frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende. Dei vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names etter kaptein Douglas L. Cordiner i U.S. Navy som var observatør under flyturen. Heile Pensacolafjella vart kartlagde av US Geological Survey i 1967 og 1968 frå landmålingar og frå flyfoto tekne i U.S. Navy i 1964.[1]

Kjappe fakta Land, Topp ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads