Cosimo Rosselli
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Cosimo di Lorenzo Rosselli (1439–7. januar 1507) var ein italiensk renessansemålar som arbeidde i Firenze og Roma.

Rosselli var frå Firenze. I åra 1453-56 var han elev av Neri di Bicci, kanskje også av Benozzo Gozzoli. I 1481 deltok han i utsmykkinga av det sixtinske kapellet, på oppdrag frå pave Sixtus IV. Han måla der Nattverden og Moses tek mot lovtavlene med meir. Mellom verka hans i Firenze er freskoane i Santissima Annunziata og Sant’Ambrogio.
Rosselli var teknisk sett ein framifrå målar, men han mangla originalitet. Han måla i ein ganske streng lineær og stiv stil. I sine seinare år måla han i ein stil som minner om Filippino Lippi. Fra Bartolommeo, Andrea del Sarto og Piero di Cosimo var mellom dei han hadde til elevar.
Remove ads
Kjelder
Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads