Così fan tutte

From Wikipedia, the free encyclopedia

Così fan tutte
Remove ads

Così fan tutte, ossia La scuola degli amanti (Slik gjer alle kvinner, eller skule for elskarar) K. 588, er ein opera buffa av Wolfgang Amadeus Mozart frå 1790. Librettoen vart skriven av Lorenzo Da Ponte.

Kjappe fakta Sjanger, Periode ...

Così fan tutte er ein av tre Mozart-operaer Da Ponte skreiv librettoen for. Dei to andre var Figaros bryllup og Don Giovanni.

Sjølv om det er allment akseptert at Così fan tutte vart skriven og komponert etter forslag frå Josef II, støttar ikkje nyare forsking denne ideen.[1] Det er bevis for at Mozart sin samtidig, Antonio Salieri, prøvde å setje musikk til librettoen men ikkje gjorde han ferdig.[2]

Remove ads

Framsyningar

Den første framsyningar fann stad i Burgtheater i Wien den 26. januar 1790. Det vart berre fem framsyningar før det vart stoppa då keisar Josef II døydde og hoffet gjekk inn i ein sørgeperiode.

Temaet i operaen uroa ikkje Wien på denne tida, men utover 1800- og tidleg på 1900-talet vart han rekna som for vågal. Operaen vart sjeldan framført.

Etter andre verdskrigen fann han igjen ein stad i standardrepertoaret i operaen og er i dag den 11. mest spelte operaen verda over i følgje lista til Operabase.[3]

Remove ads

Roller

Thumb
Program for premieren
Meir informasjon Rolle, Stemme ...
Remove ads

Samandrag

To vener kler seg ut som «albanarar» og kurtiserer kvarandre sine trulova for å teste truskapen deira. Til slutt avslører venene identiteten sin, alt vert tilgjeve, og dei fire syng om det prisverdige i å kunne akseptere både medgang og motgang i livet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads