Craig Frost
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Craig Frost (fødd 20. april 1948) er ein USA-amerikansk klaverspelar, mest kjend som medlem i Bob Seger & The Silver Bullet Band og tidlegare i Grand Funk Railroad. Han spelar orgel, synthesizer og piano.
Frost kom med i Grand Funk medan dei var ein power trio, og vart eit firemannsband. Grand Funk fekk dei største hittane sine etter at Frost kom med i bandet i 1972. Han skreiv òg songar for Grand Funk saman med trommeslagaren Don Brewer.
Etter Grand Funk Railroad vart oppløyst i 1977, gjekk Frost saman med dei tidlegare Grand Funk-kollegaene Don Brewer og bassisten Mel Schacher og danna det kortvarige bandet Flint. Etter at Flint vart oppløyst kom Frost med i Bob Seger & The Silver Bullet Band, der han var i over to tiår. I 2000-åra har Frost fleire gonger spelt live med Grand Funk igjen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Craig Frost» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads