Cressida Cowell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cressida Cowell
Remove ads

Cressida Cowell (fødd 15. april 1966)[1] er ein engelsk forfattar av barne- og ungdomslitteratur. Ho er særleg kjend for serien How to Train Your Dragon, Dragetreneren, som er blitt filmatisert av DreamWorks Animation. Serien har seld i over sju millionar eksemplar over heile verda.[2] Ho har også samarbeid med illustratøren Neal Layton om barnebokserien om Emily Brow,[3] der den første bok, That Rabbit Belongs to Emily Brown, vann ein Nestlé-barnebokpris.

Cowell vart fødd i London, og voks opp der med fleire sommaropphald på ei lita, folketom øy ved vestkysten av Skottland.[4] Draketrenar-serien hennar skal ha blitt inpirert av desse opphalda i Dei indre Hebridane.[5]

Cowell er utdanna innan litteratur og design. Ho studerte engelsk ved Keble College i Oxford og illstrasjon ved Saint Martin's School of Art og Brighton University. Ho byrja karrieren som illustratør, men blei etter kvart ein suksessrik forfattar av bilde- og barnebøker.

Cressida Cowell bur i London[6] med ektemannen Simon, ein tidlegare leiar for International Save the Children Alliance, døtrene Maisie og Clementine og sonen Alexander.[7]

Remove ads

Verk

Fleire av bøkene hennar om Dragetreneren er omsette til norsk, av Sverre Knudsen.

Bøkene om Dragetreneren - How to Train Your Dragon
  • 2003 Dragetreneren (Engelsk How to Train Your Dragon)
  • 2004 Pirathåndboka (How to Be a Pirate)
  • 2005 Lær å snakke dragonesisk (How to Speak Dragonese)
  • 2006 Drageforbannelsen (How to Cheat a Dragon's Curse)
  • 2007 Ikke slukk en drages flamme (How to Twist a Dragon's Tale)
  • 2008 Dødelige drager (A Hero's Guide to Deadly Dragons)
  • 2008 Dragestorm (How to Ride a Dragon's Storm)
  • 2009 How to Break a Dragon's Heart
  • 2011 How to Steal a Dragon's Sword
  • 2012 The Day of the Dreader
  • 2012 How to Seize a Dragon's Jewel
  • How to Betray a Dragon's Hero (2013)
  • How to Fight a Dragon's Fury (2015)
  • The Complete Book of Dragons: A Guide to Dragon Species (2014)
  • A Journal for Heroes (2015)
Emily Brown
  • That Rabbit Belongs to Emily Brown
  • Emily Brown and the Thing
  • Emily Brown and the Elephant Emergency
  • Cheer Up Your Teddy Bear, Emily Brown!
  • Little Bo Peep’s Troublesome Sheep
Andre bøker
  • Don’t Do That Kitty Kilroy
  • What Shall We Do with the Boo-Hoo Baby
  • There's No Such Thing as a Ghostie!
  • Daddy on the moon
  • Hiccup the Seasick Viking
  • How to Train Your Viking, by Toothless the Dragon (2006)
Remove ads

Prisar og utmerkingar

  • 2006 Nestlé Children’s Book Prize, Gold Award 0–5 years category: That Rabbit Belongs to Emily Brown by Cressida Cowell & Neal Layton (Orchard Books)[8]
  • 2018 Blue Peter Book Award, Best Story category: The Wizards of Once (Hodder Children's Books)[9]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads