Crowdy-crawn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Crowdy-crawn er ei rammetromme frå Vest-Cornwall laga av ein trering med eit trommeskinn av saueskinn. Den eldste omtalen av tromma er frå 1880.[1] Ho likner det irske instrumentet bodhrán.[2] Ho blir brukt av norske korniske folkemusikk-grupper som soloinstrumnet eller til akkompagnement.[3][4] Namnet «crowdy-crawn» kjem frå kornisk croder croghen, bokstaveleg 'skinn-såld,'[5][6][7] og er av og til avkorta til «crowd».[1][8]

Kjappe fakta Klassifisering, Hornbostel-Sachs klassifisering ...

Instrumentet skal ha kome frå ein jordbruksreiskap brukt til å sanka[1] og/eller måla[9] korn. På liknande vis skal den irske bodhránen ha kome frå eit drøftetrau brukt til å sikta ut større delar frå hausta korn: «mostbodhrán were made out of sieves and riddles, you know, for riddling corn, they just removed the wire, and used the frame.»[10] Denne typen instrument er også kjend som riddle drum i Dorsetshire og Wiltshire i England.[11]

Når ein ikkje brukte han på åkeren kunne ein crowdy-crawn brukast til å oppbevara ulike småsaker i heimen: «In old country house-keeping in West Cornwall, odd things, all worth saving, but for which no special place on the wall, shelf, chimney board, or dresser was provided, were tidied away into the 'crowdy-crawn'; a sieve-rind with a bottom of stretched sheep-skin, serving on occasion also as a tambourine for dancers, but originally meant as a corn-measure.»[9] Omgrepet er også brukt i moderne tid om ei samling av folk for kornisk kulturell forteljing, blondemaking, kvilting, spinning og andre tradisjonelle virke.[12]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads