Croz

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Croz er det fjerde studioalbumet til den amerikanske musikaren David Crosby. Albumet kom ut 28. januar 2014 på Blue Castle Records.[1][2] Det var det første soloalbumet til Crosby på 20 år.[3]

Meir informasjon David Crosby-kronologi ...
Remove ads

Bakgrunn

I eit intervju frå november 2013 med Rolling Stone snakka Crosby om albumet og sa «Eg ønskte å utfordre meg sjølv. Dei fleste karane på min alder ville spelt inn coverlåtar eller duettar av gamle songar. Dette kjem ikkje til å bli ein stor hit. Det vil truleg selje nitten eksemplar. Eg trur ikkje ungdomen vil like det, men eg lagar det ikkje for dei. Eg lagar det for meg. Eg har ting eg må lette frå hjartet mitt.»[4] Han snakka òg om kvifor dei valde å gje ut albumet sjølvstendig og sa: «Me hadde ikkje pengar. Ingenting. Me kunne gått og fått oss ein avtale, men alle i musikkindustrien er særs på vakt ovanfor dei store selskapa og kva slags levetid dei kunne hatt. Folk flest gjer det på eiga hand, så det gjorde me òg.»[4]

I same intervjuet forklarte han at «If She Called» var inspirert av ei gruppe prostituerte som han såg nær hotellet sitt i Belgia og sa: «Det var kaldt ute og dei hadde desse tynne beina. Dei prøvde å lokke desse fulle dyra til å ha sex med seg. Det var så ekkelt. Så trist. Eg tenkte at desse jentene hadde kome frå Kosovo eller ein slik stad og dei arbeidde seg vestover og prøvde å kome seg unna det som skjedde midt i Europa. Men det er heilt oppdikta. For det meste tenkte eg på kvar dei gøymer hjarta, sjela og anda si når dei held på. Korleis koplar dei frå? Du kan vere heilt sikker på at det er det dei gjer.»[4]

Han snakka òg om kva «Set That Baggage Down» var inspirert av og sa: «Det er noko du lærer hos AA. Eg gjekk der i fjorten og eit halvt år. Du må sjå på kva som fekk deg der. Du må sjå på feila og eg har gjort nokre fryktelege, og så må du lære av dei, fine ut korleis du ikkje skal hamne der igjen. Du må setje frå deg bagasjen og gå vidare. Om du brukar heile livet på å sjå deg over skuldra på ting du har gjort gale, så kjem du til å smelle inn i eit tre.»[4] Han fortalte om korleis han fekk Mark Knopfler til å spele gitar på «What's Broken» og sa: «Det var særs sjenerøst av Mark. Me sende han songen og han gjorde det fantastisk. Han gjorde meg ei stor teneste og me kjenner ikkje kvar andre ein gong. Han er berre glimrande.»

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Croz fekk generelt gode meldingar frå musikkritikarane. På Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100, fekk albumet 71 poeng basert på 11 meldingar.[5] Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic gav albumet tre og ei halv av fem stjerner og sa «At Croz føretrekkjer vissheit føre den uhindra melankolien på If I Could Only Remember My Name syner kvar han står i 2014: han er klar over at han byggjer vidare på ei fortid han stundom lengtar etter, men er rastlaus nok til å dra inn i nytt territorium, men berre når han er omgjeve av koselege, kjende ramer.»[6]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • David Crosby – solovokal, elektrisk gitar (8)
  • Todd Caldwell – Hammond B-3 orgel (2)
  • Steve DiStanislao – trommer (1, 2, 4, 5, 6, 9, 11), perkusjon (2, 4, 11)
  • Marcus Eaton – akustisk gitar (1-7, 9, 11), korvokal (1, 2, 4-7, 9, 11), elektrisk gitar (4), elektrisk sitar (4), 12-strengs akustisk gitar (8)
  • Shane Fontayne – elektrisk gitar (2, 4, 6, 7, 9), bassgitar (7), perkusjon (7) , korvokal (7)
  • Mark Knopfler – elektrisk gitar (1), gitarsolo (1)
  • Wynton Marsalis – trompet (3)
  • Kevin McCormick – bassgitar (2, 6), bandlaus bass (3)
  • James Raymond – akustisk piano (1, 2, 5, 6, 9, 10, 11), Fender Rhodes (1, 3, 11), synthesizer (1, 4, 5, 6, 9, 10, 11), synthbass (1, 4, 5, 7, 9, 10), virtuell pedalsteel (1), perkusjonsprogrammering (1), korvokal (2, 5, 9), trommeprogrammering (4, 7, 9, 10), sampla akustiske og elektriske gitarar (4), sampla akustisk gitar (10)
  • Leland Sklar – bassgitar (11)
  • Steve TavaglioneEWI (10), sopransaksofon (11)
Remove ads

Produksjon

  • Produsentar – Daniel Garcia, David Crosby og James Raymond.
  • Innspelt og miksa av Daniel Garcia
  • Assisterande lydteknikarar – Bil Lane, Eddy Santos, Glen Suravech og Rich Tosi.
  • Lydteknikar for B3-orgel på spor 2 – Kevin Madigan
  • Lydteknikar for trompet på spor 3 – Jeffrey Jones
  • Innspelt i The Bamboom Room (Altadena, CA); Radio Hill Recorders (Los Angeles, CA); Rumor Mill Recording (Santa Ynez, CA); Groove Masters (Santa Monica, CA); Jazz At Lincoln Center (New York, NY).
  • Master av Doug Sax og Robert Hadley i The Mastering Lab (Ojai, CA).
  • Kunstnarisk leiar og design – Brian Porizek
  • Fotografi – Daniel Garcia, Marcus Eaton og Buzz Person.
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2014), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads