Csesznek
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Csesznek (tysk Zeßnegg, kroatisk Česneg og slovakisk Česnek) er ein landsby i distriktet Zirc i fylket Veszprém i regionen Sentral-Transdanubia i Ungarn[2] som er kjend for mellomalderborga si. Staden hadde 456 innbyggjarar i 2022.
Remove ads
Historie
Borga i Csesznek vart bygd i 1263 av baron Jakab Cseszneky, som var sverddragar for kong Bela IV. Han og etterkomarane hans vart kalla opp etter borga Cseszneky. Mellom 1326 og 1392 vart det ei kongeleg borg då Kong Sigismund gav ho til Garai-familien i byte for Macsó Banate. I 1482 døydde blodslina i Garai-familien ut og Kong Matthias Corvinus donerte borga til Szapolyai-familien. I 1527 tok baron (seinare greve) Bálint Török over borga og på 1500-talet var òg familiane Csábi, Szelestey og Wathay i tur og orden eigarar. I 1561 slo Lőrinc Wathay med hell tilbake ei omleiring av osmanarane. I 1594 vart derimot borga okkupert av tyrkiske troppar, men alt i 1598 klarte ungararane å ta ho tilbake. I 1635 kjøpte Dániel Esterházy borga og landsbyen og frå den tid og fram til 1945 var Csesznek familien Esterházy sin eigedom.
Remove ads
Folketal
Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:[1]
Bakgrunnsstoff
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads