Cyril Havermans

nederlandsk gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia

Cyril Havermans
Remove ads

Cyril Havermans er ein nederlandsk musikar, mest kjend som medlem i det progrockbandet Focus.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødenamn ...

Havermans var bassist og vokalist for ei rekkje nederlandske popband i 1960 åra, då han brukte scenenamnet Carel Hagemans: Peter and the Beats (1965–66), The Heralds (1966–67), Spacial Concept (1967–68) og Big Wheel (1968–1969). Tida hans som bassist i Focus varte frå seint i 1970 til september 1971, då han spelte mange konsertar med gruppa og spelte inn Focus II («Moving Waves») med hitsingelen «Hocus Pocus».

Han slutta i bandet for å satse på ein solokarriere med akustisk gitarmusikk med engelske tekstar. Han gav ut eit debutalbum i 1973 akkompagnert av dei tidlegare bandkollegaene i Focus, Jan Akkerman, Thijs van Leer og Pierre van der Linden.

I 1983 erstatta han André Reijnen som bassist i Brainbox.

Remove ads

Diskografi

Focus

  • Focus II («Moving Waves») - Imperial 5C 056 24385 (1971)

Solo

  • Cyril - MGM 2315 261 (1973)
  • Mind Wave - MGM 2315 311 (1974)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads