Déjà Vu av Crosby, Stills, Nash & Young

1970 studioalbum av Crosby, Stills, Nash & Young From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Déjà Vu er det andre albumet av trioen Crosby, Stills og Nash og det første som kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Det kom ut i mars 1970 på Atlantic Records og toppa den amerikanske popalbumlista i ei veke. Albumet inneheldt òg tre Topp 40-singlar: «Teach Your Children», «Our House» og «Woodstock».

Meir informasjon Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Det vart gjeve ut på ny i 1977 og omslaget vart då endra frå svart til brunt. I 2012 vart albumet rangert på 147. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det har selt til sjudobbelt platinaplate i USA og har selt litt over åtte millionar eksemplar. Det er sålangt det bestseljande albumet til kvar av bandmedlemmane.

Remove ads

Histoie

Déjà Vu var eit etterlengta album etter suksessen til det første CSN-albumet og etter at Neil Young var komen inn i gruppa. Stills estimerer at det tok dei 800 timar i studio å spele inn albumet. Dette talet kan vere noko overdrive, men kvart spor har fleire omhyggelege detaljar.[5] Alle songane, bortsett frå «Woodstock», vart spelte inn som individuelle innspelingar av kvart medlem og dei andre medlemmene bidrog der dei vart samde om det. Young er ikkje med på alle spora, og trommeslagar Dallas Taylor og bassist Greg Reeves er oppførte på plateomslaget med namn i mindre bokstavar. Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia speler pedalsteelgitar på «Teach Your Children» og den tidlegare Lovin' Spoonful-frontmannen John Sebastian speler munnspel på tittelsporet.

Det vart gjevne ut fire singlar frå albumet og alle utanom den siste, «Carry On», gjekk inn på Billboard Hot 100. Songen «Country Girl» av Young er ein suite sett saman av tre songfragment kalla «Whiskey Boot Hill», «Down Down Down» og «Country Girl (I Think You're Pretty)» og er òg oppførte slik på plateomslaget. I mai 1970, to månader etter albumet kom ut, spelte bandet inn Neil Young sitt raske svar til Kent State-massakren, «Ohio». Denne singelen kom ut i lag med Stephen Still sin «Find the Cost of Freedom» og vart gjeven ut i juni same året. Singelen nådde 14. plass på singellista.

Albumet vart særs populært og medverka til at dei påfølgjande soloalbuma til kvar av dei fire medlemmene òg vart populære. David Crosby gav ut If I Could Only Remember My Name, Stephen Stills gav ut debutalbumet sitt kalla opp etter seg sjølv, Graham Nash gav ut Songs for Beginners og Neil Young kom med After the Gold Rush.

I 2003 var dette albumet rangert på 148. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[6] Same året kåra VH1 Déjà Vu til det 61. beste albumet nokon gong. På den reviderte Rolling Stone-lista frå 2012 var albumet flytta opp ein plass til 147. plassen.

Albumet kom ut på CD for andre gongen den 6. september 1994 med nymastra lyd av Joe Gastwirt. I 1997 spelte gitaristen Fareed Haque heile albumet i jazzform for Blue Note Cover Series.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • David Crosbyvokal alle spor utanom «4+20»; rytmegitar på «Almost Cut My Hair», «Woodstock», «Déjà vu», «Country Girl» og «Everybody I Love You»
  • Stephen Stills – vokal alle spor utanom «Almost Cut My Hair»; gitar alle spor utanom «Our House»; klaverinstrument på «Carry On», «Helpless», «Woodstock» og «Déjà Vu»; bass på «Carry On», «Teach Your Children» og «Déjà vu»; perkusjon på «Carry On»
  • Graham Nash – vokal alle spor utanom «Almost Cut My Hair» og «4+20»; klaverinstrument på «Almost Cut My Hair», «Woodstock», «Our House» og «Everybody I Love You»; rytmegitar på «Teach Your Children» og «Country Girl»; perkusjon på «Carry On» og «Teach Your Children»
  • Neil Young – vokal på «Helpless» og «Country Girl»; gitar på «Almost Cut My Hair», «Helpless», «Woodstock», «Country Girl» og «Everybody I Love You»; klaverinstrument, munnspel på «Country Girl»

Andre medverkande

Produksjon

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1970), Plassering ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads