Stephen Stills av Stephen Stills

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stephen Stills er det første soloalbumet til den amerikanske musikaren Stephen Stills gjeve ut på Atlantic Records i 1970. Det er eit av fire høgprofilerte album som kvart av medlemmane i Crosby, Stills, Nash & Young gav ut i 1970 etter albumet Déjà Vu. Stills dediserte albumet til Jimi Hendrix, som døydde to månader før albumet kom ut i butikkane.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innhald

Stills har med seg ei lang rekkje kjende gjestemusikarar, inkludert John Sebastian, David Crosby og Graham Nash, som medverka med vokal. Ringo Starr speler trommer på to songar under pseudonymet «Richie»,[3] som han òg brukte då han spelte på albumet London Sessions av Howlin' Wolf, som vart spelt inn i England same året. I tillegg spelar både Eric Clapton og Jimi Hendrix gitar på kvar sin song, så dette er det einaste albumet der begge desse to gitaristane deltek på.

Songen «We Are Not Helpless» vart feilaktig trudd å vere eit svar til Neil Young-songen «Helpless» frå Déjà Vu.[4] «Love the One You're With» er den største hitten Stills har hatt som soloartist, og nådde 14. plassen på Billboard Hot 100 den 19. desember 1970, og ein annan singel frå albumet, «Sit Yourself Down», nådde 37. plassen i mars 1971.[5]

Albumet nådde tredjeplassen på Billboard Top Pop Albums-lista[6] den første veka av 1971. Det kom ut på ny på WEA etter å ha blitt digitalt nymastra i 1995.

«We Are Not Helpless» og «Love the One You're With» vart først framført på konsert den 12. mai 1970 under Déjà Vu-turneen til Crosby, Stills, Nash & Young. I 2009 gav Crosby, Stills, & Nash ut Demos med ein tidleg demoversjon av «Love the One You're With».

Meldingane for albumet var blanda. Ed Ward skreiv i Rolling Stone då albumet kom ut at han følte albumet hadde ein «unnvikande» kvalitet, og sjølv om han ikkje mislikte albumet, og likte delar av det, meint han at det mangla noko «kjøt på beinet».[7]

I ei nyare melding kalla Allmusic albumet «ei måpande oppleving» som var nesten like bra som Crosby, Stills & Nash og Déjà Vu[1]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Stephen Stills

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Andre medverkande

  • Bill Halverson – produsent
  • Andy Johns – lydteknikar
  • Gary Burden – kunstnarisk leiar, fotografi
  • Henry Diltz – fotografi
  • Charles John Quarto – dikt i omslaget
  • Joe Gastwirt – digital remastering

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads