DNA-virus
underklasse av virus From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
DNA-virus er virus som nyttar DNA som arvestoff, og dei kan ha både dobbelt- og enkelttråda DNA.[1] Nokre DNA-virus nyttar eit RNA-mellomsteg i økslinga (pararetrovirus).[2] Bakteriofagar er truleg den største biomassen på jorda,[3] og dei aller fleste kjende bakteriofagane er dobbelttråda DNA-virus.[4][5] Herpesvirus, koppar-virus og pandoravirus er andre døme på DNA-virus.[5]

Dobbelttråda DNA-virus utviklar seg mykje tregare enn RNA-virus. DNA-virus nyttar DNA-polymerasar som kan retta opp att lyte som oppstår ved laging av nye DNA-molekyl. Av ein ukjend grunn utviklar derimot enkelttråda DNA-virus seg omtrent like snøgt som RNA-virus, sjølv om dei nyttar DNA-polymerasar frå verten.[2][6]
Fleire større dobbelttråda DNA-virus har ein indre membran som femnar om DNA-et, og eit DNA-virus med to kapsid er kjent (faustovirus).[7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads