Daburiyya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Daburiyya (arabisk دبورية, hebraisk דַבּוּרִיָּה)[1] er ein arabisk landsby aust for Nasaret i Nord distrikt i Israel. Daburriya fekk status som lokal kommune i 1961. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå har Daburiyya eit folketal på 8 500.[2]

Daburiyya ligg ved hovudveg 65 ved foten av Tabor i Nedre Galilea, nær området der profetinna Debora vart dømd.
Remove ads
Historie
Daburiyya er identifisert med den bibelske byen Daberath (òg skrive Davrat), som i følgje Josva 21:28 og Krønikebøkene høyrer til Jissakar-stamma, som gav han til levittane.[3][4] Det greske namnet var Dabráth eller Dabiroth og det latinske namnet var Dabareth.[4] Josefus kalla han Dabritta.[4]
Daburiyya er identifisert som staden Helenopolis i romersk-bysantinsk tid,[5] men Helenopolis vert oftare identifisert som Kafr Kama[6] eller andre byar i området.[7][8][9]
Ruinane av ei krossfararkyrkje ligg framleis i Daburiyya (i sentrum av byen).[10] Daburiyya fall til Saladin i 1187[11] og ein moské, kanskje bygd over eit gammalt krossfarartårn,[12] har ein inskripsjon over inngangen som seier at han vart bygd i 610 H (1214) av al-Mu'azzam 'Isa som herska over ajjubidane frå Damaskus.[13]
I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og var i 1596 oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya under Safad [liwa]] med 40 hushaldningar og 3 ungkarar, alle muslimar. Han betalte skattar av fleire avlingar som kveite og bygg, frukttre, bomull, og geiter og/eller bikubar.[14]
I folketeljinga i 1922 i Palestinamandatet, hadde Dabburieh eit folketal på 602, alle muslimar,[15] som i 1931 hadde auka til 747, med 728 muslimar og 19 kristne.[16]
I 1945 var folketalet 1 290, alle arabarar.[17]
Remove ads
Arkeologi
Arkeologiske utgravingar i landsby i 2004 og 2006 avdekte ruinar av bygningar frå sein romersk og bysantinsk tid, ein mur som truleg var frå midtre bronsealderen eller romartida, potteskar frå jernalderen og hellenistisk tid og andre ting som vinpresser og koppemerke.[18][19]
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads