Dag Olav Hessen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dag Olav Hessen (fødd 6. juli 1956) er ein norsk biolog. Han er mest kjend for forsking på vatn og økologi, og for å ha skrive mykje populærvitskapleg om evolusjon. Han har gjeve ut ei rekke bøker.
Hessen blei cand.real. i zoologi i 1982, tok hovudfag i offentleg rett i 1984 og blei dr.philos. i biologi i 1988. Han blei utnemnd til professor i biologi ved Universitetet i Oslo i 1993.
Remove ads
Utmerkingar
- Arthur Holmeslands pris for sakprosa i 1999 saman med Thomas Hylland Eriksen.
- Riksmålsforbundets litteraturpris i 2008.
- I 2010 vann han Akademikerprisen.
- Vart tildelt Fritt Ords honnør i 2010 for verksemda si.
- Brageprisen, klasse Faglitteratur/Sakprosa 2020 for Verden på vippepunktet
- Brageprisen sin heiderspris 2020.
Utgjevingar
- Det tapte paradis
- Darwins verden Omnipax forlag 1998
- Gener, Gud og Gaia: Om tilfeldigheter og skjebne.
- Egoisme, med Thomas Hylland Eriksen
- Dag Olav Hessen og Inga Bostad (red.). Et liv på mange vis: Ei antologi om Peter Wessel Zapffe, 1999.
- Hva er biologi, Universitetsforlaget, 2005
Bakgrunnsstoff
- Publikasjonar av Dag Olav Hessen i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads