Universitetet i Oslo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Universitetet i Oslo (UiO, latin Universitas Osloensis) vart grunnlagt i 1811 som Det Kgl. Frederiks Universitet (latin Universitas Regia Fredericiana). Universitetet vart kalla opp etter kong Fredrik VI av Danmark-Noreg. Eit viktig førebilete var Humboldt-universitetet i Berlin.


Universitetet, som endra offisielt namn i 1939, er det eldste universitetet i Noreg. Lenge vart institusjonen berre kalla «Universitetet», sidan det var det einaste universitetet i landet. Universitetet i Bergen opna som Noreg sitt andre universitet i 1946.
Universitetet i Oslo held til på Blindern i Oslo, der det frå 1930-talet og frametter har vorte bygd eit nytt universitetssentrum, «campus» i dagens terminologi. No er det berre Det juridiske fakultet som held til i dei opphavlege universitetsbygningane ved Karl Johans gate i sentrum av Oslo. Universitetet har kring 32 000 studentar.
Remove ads
Fakultet
- Det humanistiske fakultet (til 2005: Det historisk-filosofiske fakultet) (HF)
- Det juridiske fakultet (JF)
- Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet (Matnat)
- Det medisinske fakultet (MED)
- Det odontologiske fakultet
- Det samfunnsvitenskapelige fakultet (SV)
- Det teologiske fakultet (TF)
- Det utdanningsvitenskapelige fakultet (UV)
Nobelprisvinnarar
Fire forskarar ved Universitetet i Oslo har motteke Nobelprisen:
- Ragnar Frisch (1895–1973) fekk i 1969 Nobels minnepris i økonomi.
- Odd Hassel (1897–1981) fekk i 1969 nobelprisen i kjemi.
- Ivar Giæver (fødd 1929) fekk i 1973 nobelprisen i fysikk.
- Trygve Haavelmo (1911–1999) fekk i 1989 Nobels minnepris i økonomi.
Rektorar
Tidlegare rektorar er mellom anna
- Ole Petter Ottersen[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads