Dagmar Blix (28. september 1900–3. april 1984) var ein nordnorsk forfattar og lyrikar. Ho var fødd i Hol utanfor Leknes i Lofoten og var busett i Storfjord ved Stamsund, der ho arbeidde som forfattar og lærar.
Liv
Jentenamnet hennes var Dagmar Wulff, og foreldra var Fredrik Wulff og Ingeborg Kristensen.[1]
Dagmar Wulff gjekk på Vågan folkehøgskole i 1917–1918.[2]
I 1919 starta Dagmar Wulff på Tromsø lærarskole, og her gjekk ho saman med skrivekunnige folk som Martin Strømnes, Lars Berg og Erling Bakke, fortel ho sjølv.[3] Det var også fleire andre målfolk i same kullet, bl.a. Gunnar Gabrielsen (Ankenes) og Sigvard Liljedal (Salangen). Sjølv var Dagmar medlem i riksmålsforeininga.
I 1922 gjekk Dagmar ut av Tromsø lærarskole, og så var ho lærarinne eitt år i Balsfjord før ho i 1923 blei tilsett i Storfjord ved Stamsund.[4]
I 1927 giffta Dagmar Wulff seg med Ingvald Blix.[5]
Målsak og nynorsk
Dagmar Wulff var medlem i riksmålsforeininga då ho gjekk på lærarskolen i Tromsø. «Til tross for medlemskap i riksmålsforening i lærerskuletida valde ho å ta i bruk nynorsken i forfattargjerninga si. Det gjorde ho etter råd frå ein redaktør i eit riksmålsblad. Han meinte ho skreiv betre på nynorsk enn riksmål.»[8]
Og heilt frå dei første dikta ho byrja publisere i lokalavisene, skreiv ho på nynorsk, som t.d. i diktet «Eg minnest» (1925).[9]
Dagmar Blix var med då Nordland fylkesmållag blei oppattskipa i 1947, men var berre med i styret som vara.[10]
Engasjementet hennes for målsaka var blant anna grunna i argumentet om at nynorsk ligg nærare mange norske dialektar enn bokmål. Ho skreiv sjølv på eit nordnorskprega nynorsk, og fleire av segnene og forteljingane ho samla frå Nord-Noreg er skrivne på ei blanding av dialekt og nynorsk.
Forfattarskapen
Forfattarskapen består i hovudsak av barne- og ungdomsbøker, men ho har gjort eit viktig arbeid for å samle og publisere historier og segner frå Lofoten. Engasjementet hennes gav seg utslag i ei rekke radiokåseri. I tillegg var ho aktiv medarbeidar i Norsk Målførearkiv , og ho skreiv kulturhistoriske artiklar i blant anna Håløygminne.[11] Ho skreiv og las ofte eigne prologar og festtalar til forskjellige høve.
Dagmar Blix var i 1977 den første som blei tildelt Vestvågøy kommunes kulturpris. I 1979 fekk ho Blixprisen.
Bibliografi
- 1948: Prinsesse Gullhjarte og andre eventyrspel, 1, Samling for born. Bøstad : Marius Evjebergs forlag (nynorsk)
- 1954: Skomakar-Jonas : eventyrspel i 5 akter : for vaksne og born. Bøstad : Marius Evjebergs forlag (nynorsk)
- 1957: Dei tre mostrene og andre eventyrspel. Bøstad : Marius Evjebergs forlag (nynorsk)
- 1959: Sylvelin og andre eventyrspel. Bøstad : Marius Evjebergs forlag (nynorsk)
- 1961: Vargtid : dikt frå krigsåra. Bøstad : Marius Evjebergs forlag (nynorsk)
- 1965: Draugen skreik : tradisjon frå Lofoten. Oslo : Universitetsforlaget (nynorsk)
- 1966: I fjell og fjære. Trondheim : Rune forlag (nynorsk)
- 1971: Ante frå vidda. Trondheim : Rune forlag (nynorsk)
- 1974: Marit. Trondheim : Rune forlag (nynorsk)
- 1975: Gamle Lofoten. Orkanger : Rune forlag (nynorsk)
- 1975: Skatten i Bjønnhaugen. Trondheim : Rune forlag (nynorsk)
- 1976: Eg elskar livet : dikt. Trondheim : Rune forlag (nynorsk)
- 1976: Hanen og reven og andre eventyrspel. Dramatisert av Dagmar Blix. Halsøy i Vefsn : Bladet Midnattsol. (nynorsk)
- 1976: Turid og Bjørg. Trondheim : Rune forlag (nynorsk)
- 1977: Dyra på Harteigen. Trondheim : Rune forlag (nynorsk)
- 1978: Henning på Holmen Trondheim : Rune forlag (nynorsk) (Ny utgåve 2018, ved Vestvågøy historielag[12])
- 1978: Vanja. Trondheim : Rune forlag (nynorsk)
- 1979: Landgluntar, teikningar av Anders Moe-Rognhaug. Trondheim : Rune forlag (nynorsk)
- 1980: Heim til Fagertun ; teikningar av Anders Moe-Rognhaug. Trondheim: Rune forlag (nynorsk)
- 1981: Prins Dyregod og prinsesse Rosalind : eventyrforteljing. Teikningar av Aashild Havåg Bergseth. Larvik : Norsk barneblads forlag (nynorsk)
- 1983: Heksedansen. Larvik: Norsk Barneblads forlag (nynorsk)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.