Dagsvermar

insektart From Wikipedia, the free encyclopedia

Dagsvermar
Remove ads

Dagsvermar (Macroglossum stellatarum) er ein sommarfugl i familien tussmørkesvermarar (Sphingidae), men han er mest aktiv på dagtid i solskin. Av utsjånad og levevis liknar han ein kolibri, og blir av og til kalla kolibrisvermar. Han opptrer årleg sør i Noreg.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Utsjånad og levesett

Kroppen er einsfarga lys grå og høvesvis stor. Bakkroppen har kvite og svarte teikningar. Forvengene er gråbrune og betydeleg større enn bakvengene, som er oransjegule. Han har eit vengespenn på 4–6 cm.

Dagsvermer er tilpassa til å leva av nektar frå blomar der denne ligg djup nedi blomen, og når nektaren med ein ekstra lang sugesnabel. Han landar ikkje på blomen, men kan slå med vengene slik at han står stille i lufta og stikk snabelen ned i blomsteren, på same måte som ein kolibri med det lange nebbet sitt. Fordi heile slekta til dagsvermarar og kolibriar har så lik økologisk nisje er dei ganske like kvarandre både av storleik og måten dei rører seg på. Dette er eit særs spesielt døme på konvergent evolusjon, der dei ulike gruppene har svært ulikt utgangspunkt som høvesvis leddyr og virveldyr, men likevel endar opp som like nok til at det mogleg å ta feil av dei.[2]

Dagsvermaren legg egg to, nokre gongar tre gongar i året. Larvane er grøne med lyse rygg- og sidelinjer, men seine larvestadium er meir grå-rosa. Dei vaksne dyra overvintrar i sprekkar i tre, stein og bygningar.[3]

Thumb
Macroglossum stellatarum
Thumb
Dagsvermarlarve, tidleg stadium.
Thumb
Dagsvermarlarve, seint stadium.
Thumb
Macroglossum stellatarum
Remove ads

Utbreiing

Dagsvermar er vanlegast i nordlege Afrika, sørlege Europa og i sentrale og sørlege delar av Asia. Han kan nå Noreg når han trekker nordover om sommaren. Vinterstid trekker han lengre sørover i Afrika og Asia. Eksemplar ein møter tidleg på sommaren i Noreg har floge inn sørfrå, medan dyr ein møter på slutten av sommaren gjerne er klekka og har vokse opp som larvar lokalt. Larven lever på maureartar.[1] Nokre år kjem det invasjonar av arten som strekker opp i store delar av Sør-Noreg. Dei siste invasjonane var i 2006, 2010/11, 2014/15 og under den særs varme sommaren i 2018.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads