Dalälven
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dalälven er ei elv i det midtre Sverige. Ho renn i det nordlege Dalarna, i området aust og sør for Femunden i grensetraktene mot Noreg, og munnar ut i havet ved Skutskär i nordre Uppland. Dalälven vert ofte rekna som den sørlege grensa til Norrland.
Remove ads
Dalälven byrjar i traktene ved Stor-Våndsjön i det nordvestlegaste hjørnet av Dalarna. Ho er 542 km lang frå kjelda til havet og den tredje lengste elva i Sverige. Nedslagsfeltet er 28 954 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er cirka 350 m³/s.[2] Disponibel vasskraft er ca. 1420 MW, og av dette er rundt 2/3 er utbygd, med Trängslet som største kraftverk. Elva var tidlegare viktig for tømmerfløyting. Den øvre delen er delt i to elvar: Österdalälven (som renn gjennom innsjøen Siljan) og Västerdalälven. Desse to renn saman ved Djurås.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads