Femunden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Femundenmap
Remove ads

Femunden er den tredje største innsjøen i Noreg. Sjøen var nest størst fram til 1957 då Røssvatnet vart regulert. Han ligg hovudsakleg i Engerdal kommune i Innlandet, men den nordlegaste delen av innsjøen ligg i Røros kommune i Trøndelag. Femunden har eit areal på 203,5 km², ligg 662 moh. og er 150 meter djup. Innsjøen er Noregs største ikkje regulerte vatn. Han er Nordens største innsjø med vasshøgd over 600 meter.

Thumb
Kart over Femunden.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Dei viktigaste elvene som renn inn i Femunden er Tufsinga i vest og Røa i nordaust. Deltaet til Tufsinga blei freda i 1981 då Tufsingdeltaet naturreservat blei oppretta. Elva Røa kjem frå Rogen, ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige, og ho renn gjennom Femundsmarka nasjonalpark.

Thumb
Kanofarar i uvêr ved Femunden.

Femunden har to utløp (noko som er sjeldant). Størst er elva Gløta i sør, som renn ut i Isteren og som lengre ned i vassdraget blir til Femundselva. Denne elva endrar namn til Trysilelva når ho kjem inn i Trysil kommune og til Klarälven når ho renn inn i Värmland i Sverige. Femunden har òg eit mindre utløp i nord mot Feragen og Håelva i Trøndelag.

Innsjøen er særs næringsfattig, men har likevel heile ni artar fisk. Sikbestanden er særleg stor, men det finst òg aure, røye, harr, ørekyt, åbor, hork, lake og gjedde her.

I turistsesongen vert innsjøen trafikkert av «Femund II» med anløp i Femundsenden (sør), Buvika, Elgå, Revlingen, Jonasvollen, Haugen, Femundshytta, Røa og Sørvika (nord). Det er bussamband mellom Sørvika og Røros, og mellom Femundsenden og Trysil.

Femundsvassdraget inkludert Femunden er verna mot vasskraftutbygging.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads