Daliyat al-Karmel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Daliyat al-Karmel (hebraisk skrift דלית אל כרמל arabisk دَالِيَةِ ٱلْكَرْمِل) er ein drusar-by i Haifa distrikt i Israel, kring 20 km søraust for Haifa. Mot slutten av 2012, var folketalet 16 000.[2] Daliyat al-Karmel, som ligg på Karmelberget, er den største og sørlegaste drusarbyen i landet.[3]
Remove ads
Historie
I 1283 var både Daliyat al-Karmel og Kh. Doubel (like sør for Daliyat al-Karmel) nemnde som ein del av området til krossfararane, i følgje hudnaen mellom krossfararane i Akko og mamelukk-sultanen Qalawun.[4]
I 1870 omtalte den franske oppdagaren Victor Guérin omfattande ruinar sør for Daliyat al-Karmel, kalla Khirbet Doubel. Ruinane var dei mest omfattande på Karmelberget. Guérin meinte det måtte ver byen på Karmelberget som er nemnd av Plinius.[5] Conder og Kitchener kartla område og noterte «spor av ruinar» ein stad søraust for sentrum av landsbyen kalla Dubil.[6] Seinare utgravingar der har avdekt funn frå jernalderen, tidleg romartid og bysantinsk tid.[7]
På 1600-talet, då området var ein del av Det osmanske riket, om drusarar frå åslandet nær Aleppo i Syria til Daliyat al-Karmel,[8] og i 1859 utgjorde dei 300 innbyggjarar.[9]
I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han talde 400 innbyggjarar, alle drusarar. Husa var hovudsakleg bygde av adobe, med berre få steinhus. Dei lokale heldt gudsteneste i ei grotte, der Guerin ikkje fekk lov å gå inn.[10]
I 1881 vart landsbyen skildra av Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine som «ein steinlandsby på ein knoll på Karmelberget. I sør ligg ein brunn og ei fin kjelde i vest, nær Umm esh Shukf. I nord ligg ei lita slette eller ein open dal, oppdyrka med korn. Alle innbyggjarane er drusarar».[9] I midten av 1880-åra var folketalet estimert til 620 drusarar.[11]
I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Daliat al-Carmel 993 innbyggjarar, 921 drusarar og 21 kristne,[12] og dette auka i 1931 til 1173, då det var 1154 drusarar, 11 kristne og åtte muslimar, fordelt på 236 hus.[13]
I 1945 budde det 2 060 arabarar i Daliyat al-Karmel.[14]
Byen fekk status som lokal kommune i 1951. I 2003 vart han slått saman med den nærliggande Isfiya til Ir HaKarmel.[15] I 2008 vart dei to byane skilde igjen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads