Dallán Forgaill

irsk poet From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eochaid mac Colla (ca. 560–640), betre kjend som Saint Dallán eller Dallán Forgaill (Dallán Forchella; Dallanus Forcellius; primitiv irsk Dallagnas Worgēllas), var ein tidleg kristen irsk diktar og helgen, kjend som forfattaren av Amra Coluim Chille («Elegy of Saint Columba»), og etter tradisjonen salmen «Rop Tú Mo Baile»[1]Deg å få skode»/«Be Thou My Vision»).

Kjappe fakta Fødd, Daud ...
Remove ads

Personleg historie

Fødenamnet til Dallan var Eochaidh (gammalirsk Eochaid); far hans var Colla, ein etterkomar av den legendariske øvstekongen Colla Uais, og mor hans var Forgall (gammalirsk Forchella).[2] Kallenamnet hans Dallán (‘den vesle blinde’) kom til etter at han mista synet,[3] etter seiande etter å ha studert intensivt.

Han var fødd i Maigen (no Ballyconnell), ved den austlege randen av territoriet til Masraige av Magh Slécht, i dag i nordvest i det moderne County Cavan. Han var ikkje medlem av Masraige, men tilhøyrde ei gren av Airgíalla som heitte Fir Lurg, som var i ferd med å spreia seg sørover til dagens County Fermanagh og County Cavan. (Baroniet Lurg nord i Fermanagh fekk namn etter dei.)[4] Han var eit syskenbarn av heilage Mogue eller Máedóc av Ferns (The Life of Máedóc of Ferns seier i kap. 72 at Dallán og Máedóc var søner til to brør og at han budde i Kildallan).[5] Han var òg i slekt med Tigernach av Clones.[6]

Amhra Coluim Cille, ein panegyri om Kolumba som blei skriven kort tid etter at Kolumba døydde i 597, er det best kjende verket hans.[7] Det er rekna som «eitt av dei viktigaste dikta me har frå den tidlege mellomalderske gæliske verda».[5] Det blir sagt at etter å ha fullført arbeidet, fekk Dallan synet sitt att. Det blei også hevda at dei som sa opp att lovprisingane til Kolumba frå minnet, ville få gåva av ein god død,[8] noko som så skal ha blitt misbrukt av dei som prøvde å lita på minnet sitt i staden for eit dygdig liv.[9] Amhra Coluim Cille blei ein populær tekst for studentar i irske kloster.

«Amra Senáin»,[10] ein gravferdstale som lovprisnte Senán mac Geirrcinn (Senán av Iniscattery), skulle også verna dei som sa han opp att mot blinde.[11]

I 640 var Dallan på besøk hos venen sin heilage Conall Cael i klosteret hans på Inishkeel då piratar raide øyklosteret. Dallan skal ha blitt halshogd, og det blei sagt at Gud sette hovudet hans tilbake på kroppen hans etter at han blei martyr.[12] Han blei gravlagd på Iniskeel; venen hans Canall Cael blei seinare gravlagd i same grav.[13]

Han blei anerkjend som ein helgen tidleg på 1000-talet, under styret til den irske kongen Máel Sechnaill mac Domnaill, men var då allereie blitt lista opp som helgen i dei tidlegare martyrologiane frå 800-talet samla av Óengus av Tallaght.[4] Eit mellomalderdikt med tittelen «Om oppbrytinga av ein skule», som blei laga av Tadhg Og O Huiginn kring 1400, omtaler døden til Dallán som førte til at skulen hans braut opp og studentane blei spreidde sidan dei ikkje ville akseptera nokon annan meister.[14] I ei liste over gamle irske forfattarar i Ballymote-boka blir Dallán kalla «barnebarn av vitnesbyrdet».[15]

Remove ads

Verk

Saint Dallan var diktar, fyrsteollam av Irland, og latinsk skriftlærd innan dei kristne tekstane.[4] Han hjelpte til med å reformera skaldeordenen ved Drumceat-konvensjonen.[16]

I tillegg til Amra Choluim Chille og Amra Senáin er dei følgjande verka tillagde Dallán, sjølv om nokre kan vera seinare av andre diktarar som tilla forfattarskapen til Dallan for å gjera dikta sine meir kjende.

1. Amra Conall Coel - lovprising av Conall Coels, abbeden av Inishkeel

2. Dubgilla dub-airm n-aisse[17]

3. Fo réir Coluim cén ad-fías[18][19]

4. Conn cet cathach a righi (Dette er det siste diktet i forteljinga Aírne Fíngein)[20][21]

5. Rop tú mo baile[22] (norsk «Deg å få skode», engelsk «Be Thou my Vision»)

6. Comaillfithir d'Éirinn ídail dar a hora[23]

Remove ads

Kyrkjer

Sjølv om han ikkje var prest, grunnla Dallán fleire kyrkjer over heile Irland, som Kildallan i County Cavan, Disert i Tullyhunco i County Cawan, Kildallan i Westmeath, Burnchurch i County Kilkenny, Killallon i County Meath, Clonallan i County Down og Tullygallan i County Donegal. Han gjorde dette dels som ven av prestane og dels for å sikra at det blei sagt messer for han. På grunn av dette blei han kjent som Forgaill Cille i mellomaldertekster, som tyder «Forgaill av kyrkjene».

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads