County Fermanagh

From Wikipedia, the free encyclopedia

County Fermanagh
Remove ads

County Fermanagh[a] er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.

Kjappe fakta Land, Provins ...

County Fermanagh grensar til Tyrone i nordaust. Av grevskap i Republikken Irland grensar Fermanagh til Donegal i nord, Leitrim i vest, Cavan i sør og Monaghan i aust.

Etter omlegginga av lokalstyret i Nord-Irland vart distriktet Fermanagh oppretta. Dette omfattar heile det gamle grevskapet, i tillegg til delar av det gamle Tyrone.

Grevskapet utgjer den vestlegaste delen av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Landskapet i Fermanagh er dominert av dei to innsjøane Øvre og Nedre Lough Erne. Det høgaste punktet i Fermanagh er Cuilcagh på grensa til Cavan, 665 moh.

Dei viktigaste næringsvegane er landbruk og turisme. Området er eit populært feriemål, spesielt for båtferie på Lough Erne og kanalen mellom innsjøane og elva Shannon.

Den viktigaste byen er Enniskillen, som tidlegare var administrasjonssby i grevskapet. Andre byar er Irvinestown og Lisnaskea.

Remove ads

Merknader

  1. irsk Contae Fhear Manach eller berre Fear Manach[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads