Dancing Backward in High Heels
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dancing Backward in High Heels er det femte og siste studioalbumet til New York Dolls. Det kom ut 15. mars 2011 på 429 Records. Dancing Backward in High Heels kan best skildrast som eit steg til sides for hardrock- og punkstilen bandet var kjend for, til jentegruppestilen frå 1960-åra, ein sjanger som både David Johansen og Sylvain Sylvain har hevda å elske. Musikken består av altså av power-pop og doo-wop i 1960-tals stil. Albumet inneheld vidare ein coverversjon av Leon René-standarden «I Sold My Heart to the Junkman» frå 1946 og «Funky But Chic», som opphavleg kom ut på David Johansen sitt sjølvoppkalla album frå 1978.
Tittelen er ein referanse til skodespelarinna Ginger Rogers.
Remove ads
Medverkande
Dancing Backward in High Heels var produsert av Jason Hill, som òg erstatta Sami Yaffa som bassist i The Dolls for dette albumet. Johansen og Sylvain Sylvain, som var dei to einaste originale medlemmane i New York Dolls att, fekk i tillegg med seg trommeslagaren Brian Delaney, som hadde vore med sidan dei kom saman attt i 2004, i tillegg til den tidlegare Blondie-gitaristen Frank Infante.
- New York Dolls
- David Johansen – solovokal, munnspel
- Sylvain Sylvain – gitar, vokal
- Frank Infante – gitar
- Jason Hill - bass, vokal
- Brian Delaney - trommer
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av David Johansen og Sylvain Sylvain, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads