Dancing in the Moonlight (It's Caught Me in Its Spotlight)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Dancing in the Moonlight (It's Caught Me in Its Spotlight)» er ein song av det irske rockebandet Thin Lizzy. Han kom ut i 1977 på albumet Bad Reputation og vart òg gitt ut som singel nokre månader før albumet. Songen nådde 14. plassenpå UK Singles Chart i september 1977.[2] Han må ikkje forvekslast med ein song med liknande namn, «Dancing in the Moonlight», spelt inn av mellom anna King Harvest og Toploader.[3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen byggjer på det innleiande bassriffet spelt av Phil Lynott, og legg til den vokale melodilinja sunge av Lynott som kontrasterer og synergiserer med det melodiske kontrapunktet til saksofonen spelt av Supertramp-medlemmen John Helliwell.[4]

Remove ads

Andre versjonar

The Smashing Pumpkins spelte songen på ulike konsertar, og gjorde den opphavleg livlege, overlagde melodien om til ein langsam akustisk låt; han vart spelt inn som B-side til singelen «Disarm».[5] Den britiske indiepop-songaren og låtskrivaren Diana Vickers spelte inn songen som den første av fleire coverlåtar brukt under marknadsføringa før utgivinga av det andre studioalbuma hennar.[6]

I 2012 gav det engelske indierockbandet Alt-J ut ein mash up av «Dancing in the Moonlight» til samlealbumet The Saturday Sessions from The Dermot O'Leary Show.[7] Seinare vart han spelt i Spotify Studios NYC og gitt ut som ein del av deira Spotify Singles-prosjekt i 2017.

I 2017 gav den britiske songaren Josh Dally ut ein omarbeidd, akustisk balladeversjon av songen.

Remove ads

I reklamefilmar

I 2005 vart denne songen brukt som ein del av ein reklamekampanje for å lansera Magners Irish Cider i Storbritannia.[8]

I 2021 vart denne songen brukt i ein reklame for Specsavers høyreapparat i Storbritannia.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads