Dancing in the Street

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Dancing in the Street» er ein song frå 1964 først spelt inn av Martha and the Vandellas. Songen er ein signaturlåt for både Motown og bandet som spelte han inn.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Originalutgåva

Songen vart produsert av William «Mickey» Stevenson og skriven av Stevenson og Marvin Gaye. Songen la vekt på at ein bør ha det kjekt uansett kva by lyttaren høyrer heime i. Songen vart skriven av Stevenson som viste ei første utgåve av teksten til Gaye som ein ballade. Gaye meinte at songen høyrdest dansbar ut. I lag med låtskrivaren Ivy Jo Hunter skreiv dei songen ferdig og han vart spelt inn på to forsøk.

Songen vart ein stor hit på dansegolvet og var ein føregangar for discorørsla i 1970-åra. Songen fekk likevel ein heilt annan meining då mange unge svarte demonstrantar utropte songen som ei hyllest til borgarrettar og eit ønske om samfunnsendringar. . Dette førte til at songen vart svartelista av enkelte radiostasjonar.

«Dancing in the Street» nådde andreplassen på den amerikanske singellista og vart så gjeven ut på det tredje albumet til gruppa, Dance Party i 1964. Songen nådde òg femteplass i Storbritannia, og fjerdeplass i 1969 då songen vart gjeven ut på ny.

I 2006 vart det annonsert at Martha and the Vandellas si utgåve av «Dancing in the Street» skulle vere ein av 50 lydinnspelingar som skulle bevarast ved Library of Congress til National Recording Registry.

Denne utgåva vart plassert på 40. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Remove ads

Jagger-Bowie-utgåva

Meir informasjon Låtskrivar(ar), David Bowie og Mick Jagger-kronologi ...

Ei anna hitutgåve vart spelt inn av Mick Jagger og David Bowie som ein duo i 1985. Dette var ein del av Live Aid og den opphavlege planen var at dei skulle spele songen i lag direkte, Bowie på Wembley Stadium i England og Jagger på JFK Stadium i USA, før dei skjønte at forseinkinga via satellitt ville gjere det umogeleg, med mindre ein av dei mima framføringa, noko ingen av dei ønskte.

I staden valde dei å spelte inn «Dancing in the Street». I juni 1985 var Bowie oppteken med innspelinga av filmmusikk til Absolute Beginners i Abbey Road Studios, så Jagger måtte kom hit for å spele inn songen. Innspelinga varte berre fire timar, før dei reiste ut til London Docklands og filma ein musikkvideo regissert av David Mallet.

Videoen vart vist to gonger under Live Aid-konsertane. Like etter vart singelen gjeven ut, med alle inntekter til veldedige føremål. «Dancing in the Street» toppa den britiske singellista i fire veker, nådde sjuande plassen i USA og tredjeplassen i Noreg. Bowie og Jagger spelte songen i lag ein gong til, ved Prince's Trust-konserten i 1986. Dette var den siste britiske førsteplassen til Bowie og den einaste førsteplassen Jagger har hatt i heimlandet som soloartist.

Remove ads

Andre utgåver

Nikki Webster, Van Halen, Dusty Springfield, The Mamas & The Papas, The Who, The Grateful Dead, The Kinks, Cilla Black, Myra, Atomic Kitten, Kids Incorporated, Girl Authority, Human Nature, Tim Curry, Neil Diamond og mange fleire.

Medverkande

Martha and the Vandellas

Live Aid

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads