Loving the Alien
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Loving the Alien» er ein song skriven og spelt inn av David Bowie. Det var opningssporet til det sekstande studioalbumet hans, Tonight. Det var ein av to songar på albumet som var skriven av Bowie aleine og ein nedkorta versjon av songen kom ut på singel i mai 1985, ni månader etter den første singelen, «Blue Jean» og åtte månader etter albumet kom ut. «Loving the Alien» nådde 19. plassen på UK Singles Chart. Songen utforska «den intense motviljen» til Bowie av organisert religion. «Loving the Alien» inspirerte tittelen på biografien til Christopher Sandford om Bowie frå 1997 og namnet på plateboksen Loving The Alien (1983-1988) i 2018.
Remove ads
Bakgrunn
Songen er ein av to på albumet som er skriven av Bowie aleine, som ein demo av songen som berre vart kalla «1». Bowie sa songen «...kom til fordi eg kjenner at så mykje historie er feil - som ein ser igjen og igjen – og at me baserer så mykje på feil kunnskap.»[1] Han spelte inn ein demo av songen i Montreux i Sveits før han spelte inn songen for albumet.[2] Bowie sa seinare at produksjonen av songen omgjorde noko av krafta i teksten og sa at han føretrekte demoversjonen,[3] og i eit sanna intervju sa han «Du burde høyre 'Loving the Alien' på demo. Det er ein vedunderleg demo. Eg lover deg! (ler). Men på albumet er han ikkje så vedunderleg.»[4]
Remove ads
Marknadsføring
Det vart laga ein musikkvideo regissert av Bowie og David Mallet. Originalvideoen inkludert eit kort klipp der Bowie blør naseblod. Denne originale versjonen var berre gjeven ut på videosingelen «Day-In Day-Out» i 1987.[5] All seinare utgjevingar av videoen har scenen med naseblodet redigert ut. Ein redigert versjon av songen kom ut på singel i mai 1985, ni månader etter den første singelen «Blue Jean» og åtte månader etter albumet kom ut.
Remove ads
Mottaking
Bowie-biografen David Buckley kalla han «det einaste songen på albumet med tyngden til mykje av den tidlegare musikken hans».[6] Yo Zushi i New Statesman skildra songen som eit «sju minuttar langt meisterverk».[7] Chris Jones i BBC var kritisk til det meste av musikken til Bowie i 1980-åra i meldinga si av Best of Bowie i 2002, men sa : «Loving the Alien har ein rar, fjern venleik ved seg. Som å sjå ein ballett gjennom eit teleskop.»[8]
Innhald
7": EMI America / EA 195 / EAP 195 (Storbritannia)
- «Loving the Alien» (nymiksa versjon) (David Bowie) – 4:43
- «Don't Look Down» (nymiksa versjon) (Iggy Pop, James Williamson) – 4:04
12": EMI America SEAV-7860 / 12EA 195 / 12EAP 195 (Storbritannia)
- «Loving the Alien» (Extended Dance Mix) (Bowie) – 7:27
- «Don't Look Down» (Extended Dance Mix) (Pop, Williamson) – 4:50
- «Loving the Alien» (Extended Dub Mix) (Bowie) – 7:14
- Nymiksa av Steve Thompson og Michael Barbiero.
Nestlasting: EMI / iEA 195 (Storbritannia)
- «Loving the Alien» (nymiksa versjon) (Bowie) – 4:43
- «Don't Look Down» (nymiksa versjon) (Pop, Williamson) – 4:04
- «Loving the Alien» (Extended Dance Mix) (Bowie) – 7:27
- «Loving the Alien» (Extended Dub Mix) (Bowie) – 7:14
- «Don't Look Down» (Extended Dance Mix) (Pop, Williamson) – 4:50
- Utgjeve i 2007
Remove ads
Konsertversjonar
Bowie framførte songen under Glass Spider-turneen i 1987[3] (gjeve ut på Glass Spider (1988)). På Reality-turneen i 2003 og 2004 spelte han igjen songen, men denne gongen i ein nedstrippa versjon med berre Bowie på vokal og Gerry Leonard på gitar. Bowie sa at det seinaste arrangementet kanskje var «slik han alltid burde blitt spelt.»[9]
Andre utgjevingar
Songen finst på fleire samlealbum, som Bowie: The Singles 1969-1993 (1993), somme versjonar av Best of Bowie (2002), Sound + Vision (2003 og 2014), The Platinum Collection (2005), The Best of David Bowie 1980/1987 (2007), iSelect (2008), og Nothing Has Changed (3-CD-versjonen) (2014). Den originale albumverjsonen, og dei fleste remiksane og B-sidene er alle i plateboksen Loving the Alien (1983-1988) frå 2018.
Den originale usensurerte videoen for «Loving the Alien» kom ut på video-EP-en «Day-In Day-Out» (1987), og den sensurerte versjonen kom ut på DVD-utgåva av Bowie – The Video Collection (1993), Best of Bowie (2002) og The Best of David Bowie 1980/1987 (2007).
I 2002 laga den nederlandsk-amerikanske produsenten The Scumfrog ein club-miks av songen og gav han ut på singel i lag med den originale musikkvideoen. Scumfrog-versjonen av «Loving the Alien» nådde 41. plassen på den britiske singellista det året.[10]
Remove ads
Medverkande
- David Bowie – vokal
- Carlos Alomar – gitar
- Derek Bramble – bassgitar; synthesizer
- Omar Hakim – trommer
- Carmine Rojas – bassgitar
- Guy St Onge – marimba
- Sam Figueroa – perkusjon
- Produksjon
- David Bowie – plateprodusent
- Derek Bramble – produsent
- Hugh Padgham – produsent
Salslister
Andre versjonar
- Iva Davies & Icehouse - The Berlin Tapes (1995), òg på Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001)
- The Rockridge Synthesiser Orchestra - Plays David Bowie Classic Trax
- The Nine - Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001)
- Heartbreak - Life Beyond Mars (2008)
- Docker's Guild - The Mystic Technocracy - Season 1: The Age of Ignorance (forthcoming)
- Beranek - Oscillator Orkester (2019)
- Visage – Demons to Diamonds (2015)
- Peter Frampton Band – Frampton Forgets the Words (2021)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads