Daniel Kehlmann

tysk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Daniel Kehlmann
Remove ads

Daniel Kehlmann (fødd 13. januar 1975) er ein tysk forfattar, særleg kjend for romanen Die Vermessung der Welt (Oppmålingen av verden) frå 2005.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Kehlmann blei fødd i München i Bayern som son av regissøren Michael Kehlmann. Han har både tysk og austerriksk statsborgarskap, og er busett i Berlin.[1] Kehlmann studerte litteraturvitskap og filosofi og arbeidde med ein doktorgrad om det sublime i verka til Immanuel Kant til arbeidet med doktorgraden blei avbrote på grunn av suksessen hans som forfattar.

Daniel Kehlmann skreiv den fyrste romanen sin som 22-åring, og har fått ei lang rad tyske og internasjonale utmerkingar for romanane sine. Ich und Kaminski som kom ut i 2003 var den fyrste han hadde internasjonal suksess med.[2] Forfattaren fekk eit enormt internasjonalt gjennombrot med Die Vermessung der Welt i 2005 (omsett til norsk av Sverre Dahl med tittelen Oppmålingen av verden). Denne er omsett til 46 språk og har totalt selt i tre millionar eksemplar verda over. Die Vermessung der Welt er den største suksessen for ein tysk roman sidan Parfymen av Patrick Süskind kom ut i 1985. Verka til Kehlmann, særleg Die Vermessung der Welt, er sterkt påverka av latinamerikansk magisk realisme.

Kehlmann har skrive essay om litteratur og poetikk og fleire skodespel. Han har skapt debatt med kritikken sin av dominansen til det tyske regi-teateret i Tyskland og Austerrike, mellom anna på festspela i Salzburg i 2009.[3]

Remove ads

Prisar og utmerkingar

  • 2005 Candide-prisen
  • 2005 Finalist til den tyske bokprisen for Die Vermessung der Welt
  • 2006 Adenauer-stiftelsens litteraturpris; Heimito von Doderer-Litteraturpris; Kleist-Prisen
  • 2007 WELT-Litteraturprisen
  • 2007 Grand Prix du Livre des dirigeants for Les Arpenteurs du Monde (den franske oversettelsen av Die Vermessung der Welt)
  • 2008 PO Enquist-prisen; Thomas Mann-prisen
  • 2010 Prix Cévennes du roman européen for Gloire
Remove ads

Bibliografi

Romanar

Essay og intervju

Skodespel

  • Geister in Princeton (2013).
  • Der Mentor (2014). Engelsk The Mentor, oms. av Christopher Hampton (Faber and Faber, 2017).
  • Heilig Abend (2017). Engelsk Christmas Eve, oms. av Christopher Hampton (Faber and Faber, 2017).
  • Die Reise der Verlorenen (2018)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads