Darat Izza
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Darat Izza (arabisk دارة عزة, òg skrive Darat Aza eller Darit Izza) er ein by nord i Syria i Aleppo guvernement, 30 km nordvest for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein Deir Samaan i nord, Anadan i aust og Turmanin i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Darat Izza eit folketal på 13 525 i 2004.[1]
Frå Darat Izza går ein godt bevart del av ein gammal romersk veg frå 100-talet fvt.[2] Under Det osmanske riket var Darat Izza kjend for bomullsstoffet som vart produsert her.[3]
Under den syriske borgarkrigen mot regjeringa til Bashar al-Assad, vart 25 regjeringsvenlege personar drepne i byen av Den frie syriske armeen (FSA). Regjeringa hevda dei var vanlege sivile, medan FSA og den opposisjonsvenlege Syrisk observatorium for menneskerettar hevda dei var regjeringsvenlege militssoldatar.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads