Dario Cologna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dario Cologna
Remove ads

Dario Alonzo Cologna (fødd 11. mars 1986) er ein sveitsisk langrennar frå landsbyen Santa Maria i Val Müstair i kantonen Graubünden. Han er olympisk meister 2010 på 15 km, samt verdsmeister 2013 og olympisk meister 2014 på 30 km fellesstart. Cologna vann verdscupen i langrenn både i 2009, 2011 og 2012.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Cologna debuterte i verdscupen i november 2006. To år seinare slo han seg for alvor inn i verdseliten med ein andreplass i eit verdscuprenn over 30 km i La Clusaz i desember 2008. Ein månad seinare vann han «Tour de ski» med god margin til toaren Petter Northug. Han vann også verdscupen den sesongen. I 2010-sesongen hamna han på tredjeplass i Tour de ski, før han vart olympiameister på 15-kilometeren i Vancouver. Totalt kom han på fjerdeplass i verdscupen 2010. I 2010/11 og på ny i 2011/12 vann han Tour de Ski, også desse gongane med Petter Northug på andreplass. Han vann også verdscupen 2011.

I 2021 fekk han Holmenkollmedaljen.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads