Dasht-e Lut

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dasht-e Lut
Remove ads

Lutørkenen eller Dasht-e Lut (persisk دشت لوت, «Den tomme sletta»), er ein stor saltørken i provinsane Kerman og Sistan og Balutsjistan i Iran. Det er den 27. største ørkenen i verda og vart oppført på verdsarvlista til UNESCO den 17. juli 2016.[1] Temepraturen på sandoverflata er målt til så høg som 70 °C,[2][3] som gjer det til ein av dei tørraste og varmaste plassane på jorda.

Kjappe fakta Land, Koordinatar ...
Forskarar ved University of Montana kom fram til at Loot-ørkenen i Iran nådde dei høgaste temperaturane nokon stad på jorda mellom 2003 og 2009.
Thumb
Kart over biotop i Iran ██ Skogssteppe ██ Skog ██ Halvørken ██ Låglandsørken ██ Steppe ██ Salte elvemyrer
Remove ads

Skildring

Thumb
Yardangar i Lutørkenen i Kerman-provinsen i Iran.

Iran er klimatisk sett ein del av det afro-asiatiske ørkenbeltet, som strekkjer seg frå Kapp Verde-øyane utafor Vest-Afrika og heile vegen til Mongolia nær Beijing i Kina. Dei flekkete, langstrekte og lyse områda i framgrunnen (parallelt med fjellkjeda) er den nordlegaste av dei tørre innsjøane i ørkenen, som strekkjer seg 300 km sørover. Dei nesten-tropiske ørkenane får mest nedbør. Som følgje av dette er ørkenen stort sett ein abiotisk sone.

Iransk geografi består av eit platå omgjeve av fjell og delt inn i ulike nedslagsfelt. Dasht-e Loot er eit av dei største av desse ørkenbassenga, og er 480 km lang og 320 km brei,[4] og vert rekna som ein av dei tørraste stadane på jorda.[5][6][7]

Arealet i ørkenen er kring 51 800 km².[8] Det andre store bassenget er Dasht-e Kavir. I regntida om våren, renn vatn ei kort stund ned frå Kermanfjella, men tørkar raskt opp, og let etter seg berre steinar, sand og salt.

Den austlege delen av Dasht-e Loot er eit lågt platå dekt av saltsletter. I motsetnad har dei sentrale områda blitt forma av vinden til ei rekkje parallelle ryggar og furer, som strekkjer seg over 150 km og når ei høgd på 75 m.[4] Dette området har òg mange raviner og slukhol. Dei søraustlege områda er vide område med sand, som dynehavet i Sahara, med sanddyner som er opp til 300 meter høge og blant dei høgaste i verda.[4]

Remove ads

Varmaste overflate på jorda

Målingar gjort av MODIS (Moderate-Resolution Imaging Spectroradiometer) på NASA-satellitten Aqua frå 2003 til 2010 synte at Dasht-e-Lut er den varmaste overflata på jorda med ein temperatur målt til 70,7 ºC, sjølv om lufttemperaturen er lågare.[5][6][7][9][10][11] Presisjonen i målinga er 0,5 til 1 grad.[12][13]

Den varmast delen av Dasht-e Loot er Gandom Beryan, eit stort platå dekt med svart lava, kring 480 km² i flatevidd.[14]

Thumb
Dette satellittbiletet er sentrert på regionen Namak-Zar i Dasht-E-Lut (Lutørkenen) (30.5N, 58.5E). Biletet syner sanddyner og yardang-formasjonar.
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads