Vidjayadasjami
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dassjera eller vidjayadasjami er ei hinduhøgtid feira over heile India, og i Nepal, der han er ei av dei største høgtidene. Vidjayadasjami blir feira på den tiande dagen i den lyse halvdelen av månadeen asjvin, som stort sett finn stad i oktober, og er siste dagen i navaratrihøgtida. Feiringa har ulike forklaringar avhengig av region og kultur, men har ofte med det gode sin siger over det vonde.

Foto: Shakti
Feiringa av vidjayadasjami kan innebera tilbeding av morgudinner som Durga, leiketøysutstillingar eller å tenna eit bål der ein brenn ei dokke av den vonde demonen Ravana. Høgtida blir også rekna som ein lukkebringande dag for å byrja med noko nytt.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads